Side:Markusevangeliet (1870).djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Handi og reiste henne upp, og Sotti kvarv fraa henne med det same, og ho teente deim. 32 Og um Kvelden etter Solarglad førde dei til honom alle som vaaro sjuke og forgjorde. 33 Og heile Staden samnadest fyre Dyri. 34 Og han lækte mange, som vaaro klene av ymse Sjukdomar, og dreiv ut mange Djevlar og leet ikkje Djevlarne tala, for dei kjende honom. 35 Og um Morgonen fyre Dagningi reis han upp og gjekk ut og gjekk til ein audsleg Stad og bad der. 36 Og Simon og dei, som med honom vaaro, fylgde etter honom. 37 Og daa dei funno honom, sagde dei til honom: „Dei leita alle etter deg.“ 38 Og han sagde til deim: „Lat oss fara til dei næmnaste Smaabyarne, so eg ogso fær tala til Folket der, for til det er eg utgjengen.“ 39 Og han talade i deira Samningsstovor um heile Galilea og dreiv ut Djevlar.

40 Og det kom ein spitelsk Mann til honom og bad honom og fall ned og sagde til honom: „Um du vil, so kann du reinska meg.“ 41 Og Jesus ynkadest, og han rette ut Handi og tok paa honom og sagde: „Eg vil, ver rein!“ 42 Og braadlegt kvarv Spitelska av honom og han vardt rein. 43 Og Jesus talade strengt til honom og sende honom samstundes burt 44 og sagde til honom: „Sjaa til, at du ikkje segjer det til nokon, men gakk og visa deg fyra Presten og offra fyre di Reinsing det som Moses hever bodet, til Vitnesburd fyre deim.“ 45 Men han gjekk ut og