Side:Markusevangeliet (1870).djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

klædd med Kameelhaar og med eit Lederbelte um sina Lender, og han aat Engsprettor og vill Honing. 7 Og han talade til Folket og sagde: „Det kjemer ein etter meg som er sterkare en eg, og eg er ikkje verdug til at luta meg og løysa hans Skotveng. 8 Eg hever døypt dykker med Vatn, men han vil døypa dykker med heilag Ande.“

9 Og det hende seg i dei Dagarne at Jesus kom fraa Nazaret i Galilea og vardt døypt i Jordan av Johannes. 10 Og med det same han steig upp or Vatnet, saag han Himlarne opnast og Anden fara ned paa honom lika som ei Duva. 11 Og det kom ei Røyst av Himmelen: „Du er min elskade Son; til deg hever eg Godvilje.“

12 Og med det same dreiv Anden honom ut i Øydemarki. 13 Og han var i Øydemarki i fyrti Dagar og vardt freistad av Satan og var med Villdyrom, og Englarne teente honom.

14 Og etter at Johannes var sett i Fengsl, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds Evangelium 15 og sagde: „Tidi er fullendad og Guds Rike er komet nær; umvende dykker og true paa Evangelium.“ 16 Og som han gjekk fram med Sjoen i Galilea, saag han Simon og Andreas, Broder til Simon, kasta kringum i Sjoen, for dei vaaro Fiskarar. 17 Og Jesus sagde til deim: „Fylgje meg, og eg skal gjera dykker til Mannfiskarar.“ 18 Og dei forleto paa Staden Nøterna og fylgde honom. 19 Og daa han