Side:Markusevangeliet (1870).djvu/39

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

til og spurde honom, um ein Mann hadde Rett til at skiljast fraa Kona si, og freistade honom. 3 Men han svarade og sagde til deim: „Kvat hever Moses bodet dykker?“ 4 Dei sagde: „Moses gav Lov til at skriva Skilsmaalsbrev og skiljast fraa henne.“ 5 Og Jesus svarade og sagde til deim: „Fyre dykkar harde Hjarta skreiv han dykker dette Bodet. 6 Men fraa Upphavet av Skapnaden gjorde Gud deim Mann og Kvinna. 7 Difyre skal ein Mann forlata sin Fader og si Moder og halda seg til si Kona, 8 og dei tvau skulo vera eitt Kjøt, so dei ero ikkje meir tvau, men eitt Kjøt. 9 Kvat no Gud hever samanbundet, skal Menneskja inkje skilja.“ 10 Og heima spurde Læresveinarne honom aa nyo um detta. 11 Og han sagde til deim: „Den som skilst fraa Kona si og gifter seg med ei onnor, han gjerer Ægteskapsbrot mot henne. 12 Og um ei Kona skilst fraa Mann sin og gifter seg med ein annan, so gjerer ho Ægteskapsbrot.“

13 Og dei førde Smaaborn til honom, at han skulde taka paa deim; og Læresveinarne trugade deim som baaro deim. 14 Men daa Jesus saag detta, likade han det illa og sagde til deim: „Late Smaaborni koma til meg og meinke deim inkje, for Guds Rike høyrer slike til. 15 Sannlege segjer eg dykker, den som ikkje motteker Guds Rike so som eit litet Barn, han kjemer inkje inn i det.“ 16 Og han tok deim i Fanget og lagde Henderna paa deim og velsignade deim.