Side:Markusevangeliet (1870).djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


17 Og daa han gjekk paa Vegen, kom det ein Mann springande og fall paa Kne fyre honom og spurde honom: „Gode Meister, kvat skal eg gjera, at eg maa erva det ævelege Livet?“ 18 Men Jesus sagde til honom: „Kvi kallar du meg god? Ingen er god, utan ein, og det er Gud. 19 Du veit Bodordi: du skal ikkje slaa i Hel; du skal ikkje gjera Hor; du skal ikkje stela; du skal ikkje bera falsk Vitnesburd; du skal ikkje gjera Urett; heidra din Fader og di Moder.“ 20 Men han svarade og sagde til honom: „Meister, alt detta hever eg haldet fraa Ungdomen.“ 21 Men Jesus saag paa honom og lagde Elsk til honom og sagde: „Eitt vantar deg; gakk og sel alt det, som du eiger, og giv dei fatige, og du skal hava ein Skatt i Himmelen, og kom og fylg meg og tak upp Krossen.“ 22 Men han vardt modfallen ved det Ordet og gjekk sorgfull burt, for han hadde manga Eigner. 23 Og Jesus saag kringum seg og sagde til sine Læresveinar: „Kor vandslegt skal det ikkje vera fyre deim, som hava Eigner, at koma inn i Guds Rike.“ 24 Men Læresveinarne vordo rædde ved desse Ordi. Men Jesus svarade atter og sagde til deim: „Born, kor vandslegt er det ikkje fyre deim, som trøysta seg paa Rikdomen, at koma inn i Guds Rike. 25 Det er lettare fyre ein Kameel at ganga igjenom eit Naalauga, en fyre ein Rik Mann at ganga inn i Guds Rike.“ 26 Men dei vordo ovlege forfælde og sagde til kvarandre: „Kven kann da verda frelst?“ 27 Men Jesus saag