Side:Markusevangeliet (1870).djvu/38

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

hengt ein Kvernstein um hans Hals og han vardt kastad i Havet. 43 Og um di Hand forfører deg, so hogg henne av; det er betre fyre deg at ganga vanfør inn til Livet, en at hava tvo Hender og fara til Helvites i den usløkkjande Elden. [ 44 ] 45 Og um din Fot forfører deg, so hogg honom av; det er betre fyre deg at ganga halt inn til Livet, en at hava tvo Føter og verda kastad i Helvite. [ 46 ] 47 Og um ditt Auga forfører deg, so riv det ut; det er betre fyre deg at ganga einøygd inn i Guds Rike, en at hava tvau Augo og verda kastad i Helvite, 48 der som deira Orm ikkje døyr og Elden ikkje sloknar. 49 For kvar ein skal verda saltad med Eld, og kvart Offer skal verda saltat med Salt. 50 Saltet er godt, men um Saltet misser si Kraft, kvat vilja de so krydda det med? Have Salt i dykker sjølve og halde Fred med kvarandre.“

10. Kapitel.

Jesus fer til Judea; lærer um Ægteskapet, 1—12; velsignar Smaaborni, 13—16; lærer ein rik Mann Vegen til det ævelege Livet; talar til Læresveinarne um Faaren av Rikdomen; lovar Løn til deim, som forlata nokot fyre hans Skuld, 17—31; talar atter um si Liding og Daude og Uppstanding, 31—34; teler fyre Jakob og Johannes og visar Skilnaden paa sitt Rike og der verdslede Riket, 35—45; giver den blinde Bartimeus Syni paa Vegen ved Jeriko, 46—52.

1 Og han stod upp derifraa og kom til Landemerki av Judea paa hi Sida aat Jordan. Og Folket samnadest til honom atter, og han lærde deim atter, so som han var van. 2 Og det kom Farisear