Voluspaa

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
A.

<poem> 1. Um ljod bed eg alle helga lydar, store og smaae sønir aat Heimdall. Det vil du, Valfader, at vel eg fortel fraa fyrndeheim det som fyrst eg minnest.

2. Jøtnar eg minnest i upphav borne, dei som fordom meg fostra hadde. Nie heimar, nie skogmøyar, heilagt stortre, fyrr det spratt or mold.

3. Aarle i old var det Yme bygde. Korkje sand eller sjø eller svale bylgjur; jord var inkje, upphimil inkje; var Ginnunga-gap, men gras var inkje.

4. Fyrr Burs sønir bu-land fram lyfte, dei som Midgard mætan skapte. Sol skein sunnan paa steinar i sal, daa grodde grunnen med grønan lauk.

5. Sol kom sunnan, syster aat maanen, slo høgre handi um himilhestar. Sol inkje visste kvar salar ho aatte, Maane ei visste kvar magt han aatte. (Stjernur ei visste kvar stadir dei aatte).

6. Tivar alle paa tingstolar gjekk, dei høgheilage heldo raadlag: natt og near namn dei gaavo, <poem> morgon likeins og middags-leite, undorn og aftan, til aar aa rekne.

7. Hittast æsir paa Idavollen, og horg og hov høgt dei timbra. Dei avlar lagde og eignir smidde, dei tengar laga og tòlar gjorde.

8. Med tavl paa tune dei trøydde seg glade — var deim visst inkje vant paa gull — til tri der kom tusse-møyar med avle og age fraa Jøtunheimen.


9. Tivar alle paa tingstolar gjekk, dei høgheilage heldo raadlag: kven skal drosen av dvergar skapa or Brime sitt blod og hans blaae leggir.

10. Vart Modsogne skapt, mætast var han av dvergar alle, men Durin dernæst. Dei manna-skjepnur mange gjorde, dvergan’, or jordi, som Durin det sagde.


17. Til tri der kom av tjodi denne høge og hæve æsir til husar. Fann dei paa land lite magtande Ask og Embla utan lagnad.

18. Dei aatte ’kje ande eller aathug hadde, korkje lit eller lag eller livsens varme. Ande gav Odin, aathug Høne, lit fager Lodur og livsens varme.


19. Ask veit eg stande, heiter Yggdrasil, høgt tre, vatna med kvitande vaag. Derfraa kjem dogg som i dalane fell. Stend alltid han grøn yvir Urdar-brunnen.

20. Derfraa kjem møyar mangt vitande tri fraa den sal, under tree stend. <poem> Urd het den eine, den andre Verdande, dei runeskidur skar, Skuld den tridje. Dei lov lagde, dei liv kaara, for manna-lyden dei lagnad segjer.


21. I aust sat gamle jarn-gygri og fødde der fenres ungar. Ein vert umfram av alle desse solar-tjuven i trolle-ham.

22. Matar seg mett paa manna-lik, um gude-gardar gøyser han blod. Svart vert solskin sumrane etter, vêre vaalyndt. Vita de enn eller kva?

23. Ho folkstrid i heimen den fyrste minnest, daa dei Gullveig med geirom støytte, og i Haars hall dei henne brende. Dei tri gong brende den tri gong borne, (ofte, ei sjeldan, daa enn ho liver).

24. Dei Heid ho kalla, der til husar ho kom spaavise volva. Vakte ho gandar, med seid fór ho stødt seida med ihug, uneleg alltid for illkyndt kvende.


25. Tivar alle paa tingstolar gjekk, dei høgheilage heldo raadlag: kvaare skal æsir av-laat gjeva eller offer alle gudar eige?

26. Spjot heiv Odin og skaut i flokken, det var folkstrid den fyrste i heimen. Brotin var bordvegg i Aasa-borgi, vanir paa opne vollar sprungo.


27. Tivar alle paa tingstolar gjekk, dei høgheilage heldo raadlag: kven hadde lufti med løynsvik blanda eller jøtun-ætti Ods møy gjevi?

28. Einast Tor der tok i, tròtin av harm; han sjelden sit, naar slikt han fretter. <poem> Upp gjekk eidar, ord og lovnad, sættir alle som sannfeste var.


29. Veit ho Odins auga er løynt i den mæte Mimes brunnen. Mjød drikk Mime morgon kvar ein av Valfaders pant. Vita de enn eller kva ?

30. Veit ho løynd er Heimdalls ljod under heilage heidra tree. Yvir vert sprøytt stride fossar av Valfaders pant. Vita de enn eller kva?

B.

31. Ho einsam sat ute daa Ygg der kom, aasa-gubben, og i augo henne saag: „Kva mun du meg frega, kvi freistar du meg? Alt veit eg, Odin, kvar du auga løynde.“

32. Gav henne Herfader haugar av gull, ringar, fé[-munir, at ho frøde segje] og løyndomar i ljose bere. Saag ho høgt og laagt i heimar alle.

33. Saag ho valkyrjur vidan komne greidde te ride aat gude-tjodi. Skuld ho heldt skjold, Skogul var med. Gunn, Hild, Gondul og Geirskogul.

34. Eg saag for Balder, bjarte guden, Odins sonen, orlogo[1] løynd. Var han vaksin høgt yvir voll, mjuke, fagre mistil-teinen.

35. Vart av teinen, som tottest so grann, skadeskot stygt, Hòd han skaut. Men Frigg ho grét i Fensalom yvir vaaden i Valhall. Vita de enn eller kva?

36. Daa mun Vaale vaa-bandi[2] snu, heller hardgjort var hapt av tarmar. <poem> 37. Saag ho bundin kulten i kjelde-lunden, sviplik sviklynde Loke-sellen. Sit der Sigyn; men storleg glede ho visst inkje hev. Vita de enn eller kva?

38. (H.31). Garm han gøyr fyri Gnipa-heller, feste slitnar, og Freke han renn. Fram ser eg lenger, fulla kann eg tala um ragnarok ramt for sigtivar.

39. (H.32). Sat der paa haugen og slo paa harpa gygre-hyrding, glade Egde. Gol um honom i gagle-skogen fager raud hane, som Fjalar heiter.

40. (H.33). Gól yvir æsir Gullinkambe, som hjaa Herfader heren vekkjer. Ein annan gjel i jordi nede, sótraud hane, i salom aat Hel.

41. (H.34). Sal ser ho stande fraa sol i vend paa Naa-strandi, mot nord snur døri. Fell eiter-dropar inn um ljoren, kring salen slengjer seg orme-spordar.

42. Aa fell austan um eiterdalar, full av saks og sverd, Slid heiter ho. (H.35). Ser ho der vada i straumar tunge menn meinsvorne og mordvargar.

43. (H.36). Garm gøyr høgt fyri Gnipa-heller, feste slitnar, og Freke han renn.


44. (H. 37-38). Hardt er i heimen, hordom kaldleg, øks-old, sverd-old, skjoldar klovna, vind-old, varg-old, fyrr verdi stupar, grunnen gjallar, gygrar fljugande.

45. (H.37-38). Brørar kvarandre banesaar gjev, systrungar dei skyldskap spiller. [Frendskaps-bandi er brostne alle]. Mun ingin mann sin maalsven spara. <poem> 46. (H.39). Mims sønir spelar seg, men øgjes-slaatten[3] gjeng paa giddande gjallar-horne. Høgt blæs Heimdall, set horne til vêrs. Mæler Odin med Mims hovud.

47. (H.40). Skjelv Yggdrasils ask standande, ym aldrugt tre. Men jøtun losnar. Hustrar alle paa hel-vegir, fyrr enn Surts skylding det gløyper.

48. (H.42). Garm gøyr høgt fyri Gnipa-heller, feste slitnar, og Freke han renn.


49. (H.43). Rym èk austan med upplyft skjold, Jormun-gand snur seg i jøtun-sinne. Orm skjek kvirvlar, men ørni klikkar, slit i naa-ar, Naglfar losnar.

50. (H.44). Skip fèr austan, skrida mun Muspells lydar paa hav, men Loke styrer. Heile fylgje etter Freke sleng. Med deim er bror til Byleist i lag.

51. (H.45). Surt fer sunnan med svidande eld, det skin av sverde so soli bleiknar. Grjotbergi gnett, gygrane skvett, menn paa helveg hastar, himilen klovnar.

52. (H.46). Atter sorgi saar fær Lin, daa Odin fèr av skal ulv vega — og Beles bjarte bane mot Surt — der mun Friggs ven den kjære falle.

53. (H. 47). Garm gøyr høgt fyri Gnipa-heller, feste slitnar, og Freke han renn.


54. Daa kjem den store Sigfaders son, Vidar vega skal valdyre. I Kvedrungs sonen sverde han høgg heilt til hjarta. Og hemnd er faren. <poem> 55. Kjem den storfræge son aat Lodyn, Odins sonen, vil ormen vega. Han legg til med magt, Midgards verjar. Og fraa heimane folki rømer.

56. Det gøyser eitr og gneistar sprutar or gapande munnen paa Midgards-ormen. Gjeng fèt nie Fjørgyn-sonen, gruv, fraa globeitte glyme-beiste.

57. Sol mun svartne, sig jord i hav, av himilen kverv klaare stjernur. Eimen gøyser, og elden sleikjer. Logar leikar lukt til himils.

58. Garm gøyr høgt fyri Gnipa-heller, feste slitnar, og Freke han renn.

C.

59. Ser ho upp koma andre gongen jord or have atter grønklædd. Fossane fell, flyg ørn yvir, ho som paa fjell fisken veider.

60. Hittast æsir paa Idavollen, um leide lindorm dei lengi talar, legg seg paa minne lagnads-burdar og fimbul-tys forne runir.

61. Daa mun atter undersame tavlur av gull i grase finnast, som dei aatte i upphavs-tidi.

62. Daa mun aakrar usaadde vekse. Illt mun batne, Balder han kjem. Hòd og Balder bur paa tufti i valtiva-ve. Vita De enn eller kva?

63. Tun-tre Høne trygt kann velja, og brødre-sønir byggje saman i Vindheim vidan. Vita De enn eller kva ?


<poem>

64. Sal ser ho stande fagrar’ enn sol, med gull er han tekt, paa Gim-lé. Trivst der tyde trugne lydar, mun i alder og æve ynde njote.


65. Daa den store stig paa domstolen, han fraa det høge, som heimen styrer. Han sakir sætter og domar sèt, sèt vé som alltid vara skal.

66. Kjem den dimme draken fljugande, fraane-orm, nedan fraa Nida-fjelli. Ber lik i fjørom, flyg yvir voll Nidhogg naableik. No mun ho søkke.

Innskot.

Etter v. 10. [Dvergenamn]. R.11. Nye, Nide, Nordre, Sudre, Austre, Vestre, Altjov, Dvalin, Naa og Naain, Nipung, Daain, Bivur, Bavur, Bombur, Nore, Aan og Aanar, O-in, Mjødvitne.

R.12. Vegg og Gandaalv, Vindaalv, Torin, Traa og Traain, Tekk, Lit og Vit, Ny og Nyraad, no hev eg dvergar — Regin og Raadsvinn — retteleg nemnt.

R.13. File, Kile, Fundin, Naale, Hepte, Vile, Hanar, Sviur, Billing, Brune, Bild og Bure, Fraa, Hornbòre, Fræg og Lone, Aurvang, Jare, Eikinskjalde.

R.14. D’er tid til dvergar i Dvalins fylgje for manna-lyden til Lovar aa telja. Fraa Sals steinar ut dei sette millom Aurvangar og Joruvollar.

R.15. Der var Draupne

og Dolgtrase,

Haa, Haugspòre,
Levang, Gloin,
Dòre, Ore,
Duv, Andvare,
Skirve, Virve,
Skavid, Aae.

R.l6.
Aalv og Yngve,
Eikinskjalde,
Fjalar og Froste,
Finn og Ginnar;
kjent skal vera,
med folk er i verdi,
langfedrar alle
i Lovars ætti.

Etter v. 42:
H.35, 5—10.
Og den som magtstèl
annans møy.
Der saug Nid-hogg
naae-kroppar,
varg sleit i lik.
Vita De enn eller kva?

Etter 42, 4:
R.37.
Stod det i nord
paa Nidavollar
ein sal av gull
for Sindre-ætti.
Ein annan stod
paa Okòlne,
jøtuns bjorsal,
han som Brime heiter.

Etter v. 47:
H.41.
Koss er med aassom,
koss er med alvom?
Gnyr Jøtunheim all,
æsir er paa tinge,
dvergane styn
fyri steindørom,
veggbergs vise menn.
Vita De enn eller kva ?


1. Ljod (hljóð) tyder stille, „lyttende taushed“. Torbjørn Hornklove byrjar ogso eit kvæde med aa krevja ljod. Egil og Øyvind bed um ljod. Paa tinge skulde ein lyse ut ei sak „i heyranda hljóði“. Ogso i Tyskland baud dei stille paa tinge med dilike ord.

Helga lydar, alle som var samla paa ein fredhelga tingstad. Volva tenkjer seg aa tala til ein aalmuge som er samla paa tinge. Haakon den gode byrjar kristindoms-talen sin paa


  1. Orlogo, lagnaden.
  2. V a a- band, faarlege band.}}
  3. øgjes-slaatten, som varslar noko øgjeleg fælt.


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.