Ved Rundarne (1864)

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk

No ſeer eg atter ſlike Fjell og Dalar,
ſom deim eg i min fyrſte Ungdom ſaag,
og ſama Vind den heite Panna ſvalar;
og Gullet ligg paa Snjo, ſom før det laag.
Det er eit Barnemaal, ſom til meg talar,
og gjer meg tankefull, men endaa fjaag.
Med Ungdomsminne er den Tala blandad:
det ſtrøymer paa meg, ſo eg knapt kan anda.

Ja, Livet ſtrøymer paa meg, ſom det ſtrøymde,
naar under Snjo eg ſaag det grøne Straa.
Eg drøymer no, ſom før eg altid drøymde,
naar ſlike Fjell eg ſaag i Lufti blaa.
Eg gløymer Dagſens Strid, ſom før eg gløymde,
naar eg mot Kveld av Sol eit Glimt fekk ſjaa.
Eg finner vel eit Hus, ſom vil meg hyſa,
naar Soli heim til Notti vil meg lyſa.

Alt er ſom før, men det er meir forklaarat,
ſo Dagſens Ljos meg ſynes meire bjart,
og det, ſom beit og ſkar meg, ſo det ſaarat,
det gjerer ſjølve Skuggen mindre ſvart;
ſjølv det, ſom til at ſynda tidt meg daarat,
ſjølv det gjer harde Fjellet mindre hardt.
Forſonad’ koma atter gamle Tankar;
det ſama Hjarta er, ſom eldre bankar.


Og hver ein Stein eg ſom ein Kjenning finner,
for ſlik var den, eg flaug ikring ſom Gut.
ſom det var Kjempur, ſpyr eg, hvem ſom vinner
av den og denne andre haage Nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
til Soli burt i Snjoen ſloknar ut.
Og inn i ſiſte Svevn meg eingong huggar
dei gamle Minne og dei gamle Skuggar.