Hopp til innhold

Toulsta-Ækte

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (s. 321-334).

Toulsta-Ækte.

Toulsta paa Lalm va langt att-ende i Ti’om skrivi for Tolftestad og Namne kjøm se ’taa Tal-Orde toulte hell tøylte; Toulsta skulde da vera de saamaa som „toulte Sta’n“, antell de kan ha vore den toulte Garden som er vorte rødt og byggt paa Lalm, hell kaarles de kan kaamaa se. Denne Garden er ein ’taa di største og beste Gardom i Norddale og ha igjønom alle Ti’e vore ei gjæv Jord-Eige, difor ha ou Gard’n vore i mange store Menns Henn.

Umkring 1400 ha de butt ei paa Garde, som heitte Kristine Eilefsdotter; um ho ha aatt Garden let se ikje sjaa, men de er mykjy trule. I 1411 va 6 Logretts-Menn te-sette aa halde Takst paa Lousøyre ho ha att ette se og de va 96 Ku-Lag, hell Ku-Verd. De er Von te, at ho Kristine ha høyrt te ei ’taa Stor-Æktom paa Vestlande, helst di store Finne-Ækten paa Voss. Vælsaa eit Tjuge Aar ette, i 1437, va de ei Fruge ’taa Finne-Ækten, ho Adalis Ellingsdotter, som aatte Toulsta; ho va Eingong gjift me ein Ridder og Riksraa, Taral Sjugurdsson Kane. Ho Adalis va eit rikt Kvinnfolk og aatte mykjy Jord her austa’ Fjelle; paa Toulsta va ho visst alder for naagaa Lang-Veran men de gjekk i gamle Daagaa ei Vise i Bygden, som kann vera eit Minne um ho. De va ei Vise um „ho Alis“ som no er burtgløymd og som begjynda saa: „Hei! sa ho Alis, ho rei over Røyse, drakk utu Øle og m. atti Trøyse“. Ei ’taa Døttom henne vart gjift me ein heitte Holta Jonsson og me henna fekk han alle Jord-Eigun henne Adalis her paa Upplanndom; førr han fekk døm i Eige, styrde han døm og mea’ ha han burtleigd Toulsta aat ein heitte Eirik Bjønnson (sjaa Bratt-Ækte). De ser mest ut te, at han Holta Jonsson har butt paa Garde ei snøgg Ti’, men i 1437 leigde han Garden burt aat ein heitte Ommon Nilsson og hann og Son ette ’om sat der sine Daagaa paa Leige, heilt te i 1516. Da han Ommon leigde Garden va alle Huse paa Garde ne-rotne. Han Holta Jonsson dø 1438 og da fall Toulsta og Kvennberge paa ei annor Dotter henna Adalis, heitte Kristine Taralsdotter; ho bar Uppnamne „Smørhetta“. Ette henna Daagaa va de ein ’taa Skjyllfolkje henna, heitte Botolv Endresson, som aatte Toulsta og han selde Garden i 1463 aat om Knut Alvson, Ridder og Riksraa og ein ’taa di største Jord-Eigarom, som nugun Gong ha vore i Norig. Han va ’taa ei svensk Ækt kallast „di tri Rosin“ og va ei Ti’ Høvismann paa Bernhus. Kjøpebreve paa Toulsta er skrivi i Bern i September 14635 (sjaa um han Alv, Kleppe-Ækte). Ette han Alv vart Eigar ’taa Toulsta ha han leigt burt Kvennberge og naagaa ’taa Garde aat Ein heitte Tore Stoun; men da han ikje ha greitt retteleg Leiga for Kvennberge, lout Son hans, lange Ti’e bakette, gjeva Frugun hans Alv, ho Magnhil Oddsdotter, Kviksta i Kvam for aa bli skjøld ve døm og Krave deres paa Far hans. Han Alv budde mesta paa Greffsen i Ness paa Hei’marken og budde alder paa Toulsta, men langt attende gjekk de i Folkeminne Ord um „Ridder’n paa Toulsta“. Han Alv dø 1495 og ette honom va de Dottere, ho Karine paa Greffsen, som ha Garden te ho dø ogjift i 1537. Fraa henna gjekk Toulsta i Lag me all di andre Jord’n ho aatte, aat ei Dotterdotter aat Bror henna Karine og som budde i Sverig og va mesta ’taa svensk Ækt; ho heitte Gjyrhil Fadersdotter og va 3 Gonge gjift me rike Adelsmenn men likevæl ha ho ingen Livs-Erving ette se. Da ho vart gomol gav ho aat Kronun de meste ’taa di norske Jord-Eigom sine; i 1586 gav ho Konga Skjøte paa 505 Garde paa einn Gong og sia’ fekk han enno naagaa te. Imillom desse 505 Gardom er de 11 Garde paa Vaagaa, vælsaa 33 Hue te-samen, Toulsta og Kvennberge skjylda for 7 Hu’e. Um Leiglenningann som sat paa Toulsta i Ti’n ette ’om Alv Knutsson er de lite aa faa veta; baade han Ommon Nilsson og Son, heitte Nils Ommonson, ha vore vælvørde Menn i Bygden, da døm jemnan ha vore Logrettsmenn og va me i Jordkjøp, Takste og Vitne-Maal. Umkring 1535 er de full han Anders Jonsson paa Ner-Bjønnsta ha bygsla Garden og ette honom han Per Kokk, elles va de nok meire hell einn Leiglenning paa Garde um Gongen, og Kvennberge va takom-te burtleigt for se sjøl, for de va selt Kvenne over heile Austlannde fraa Toulstabergje, saa de gav ei go Innkomme. Kem, som vilde, fekk hogge Kvenne der mot aa leggje fjorde-kaar Kvennstein i Tiend, „Tiendstein“ som de kallast, og Brukarann i Baksiun radt fraa Einangs-Gardom og nord aat Oustrem, dreiv me aa hogge Kvenne um Vintrann. Kvennhoggingje i Toulstabergje ha vore drivi att-ende fraa 1300 og vaaraa te umkring 1870.

Toulsta va no Krongods i umkring Halt’hondrede Aar te 1640 da han Hannibal Sehested, Statholdar’n, antell fekk de te-gjevandes hell bytte de aat se ’taa Konga. Sehested ha Garden i 12 Aar, da fall han i Onaa’e og for aa berge se, let han Kongen faa all den Jord-Eiga han aatte i Norig. Og den Mann aatte Jord saa de ha Lag, han ha faatt onde se 116 ’taa Jord-Eigom i Lannde me Kalls-Rett aat 11 Kjørkjo. Her i Bygden aatte han Toulsta, baae Blessom-Gardann, Formo og Olsta paa Sell. No va Toulsta Krongods att i umkring 10 Aar saa vart de sett i Pant aat di rike Hollendarom Celius og Gabriel Marcelius. Desse Mennann la ut saa mykjy Pening for ’om Fr. III aat Ofre’om hans me Sverig, at Kongen lout gjeva døm Pant i Krongodse og mykjy ’taa di vart alder inn-løyst att. Korkje Toulsta hell Blessom-Gardann vart inn-løyste og me di kom døm te Slutt i Henn paa ’om Gabriel Marcelius som va „Generalpostmæster“ her i Lannde.

Saales som de er nemnt onde Bjønnsta-Ækten, ska de ha butt ein Fout som heitte Paal Kristensson paa Toulsta millom 1590 og 1600 og va gjift me henne Aagot Andersdotter Bjønnsta. Fouten og ho Aagot ha havt ein Laat ’taa Garde i Bygsel, men i saamaa Ti’n ha de butt ein Bygselmann te der, som heitte Knut og denne Mann ha umkring 1602 vorte uppatt-gjift me henne Aagot. Han Knut ha nok ou vore gjift ein Gong førr, for i 1618 har han ein vaksin Son, heite Gullbran Knutsson, som fekk bygsla 3 Hu’e ’taa Garde. Me henne Aagot Andersdotter ha han Knut berre eit Baan, ei Dotter, og denne Dottere vart paa Lag 1628 gjift me ein heitte Paal Hansson. Han Knut Toulsta livde enno i 1655; han maa ha vore ein go-te-se Mann, for han va Le’smann i 1614. I 1630 gav han upp 5 Hu’e i Toulsta te Bygsel for Versone sine, han Paal Hansson.

Denne Mann er den fyste som te no er kjennt

Fig. 40.
Segle hans Paal Hansson, 1655.
taa di Toulsta-Ækten, som enno sit paa Garde, men kaar han er utstokkjen fraa, ha de synt se aa vera Oraa’ aa faa Visse for. Lenger ne i Ti’n kalla denne Ækte se me Te-Namne Leth og dette peika paa, at de skulde vera ei Skjylde me Foute, ’om Paal Kristensson, um no hann er den saamaa, som er kalla Paal Leth. Men kaarles dette heng ihop ser ut te aa vera o-løysle. Han Paal Hansson va, som oss saag, gjift me Dotter hans Knut Toulsta og henne Aagot Andersdotter; Kjeringje hans va saales ’taa Listom paa Kleppe og fraa di tvoug røta de se ei stor Ækt som seinar ha blanda Blo’ me Gjæslingom og Brattom og ha greina se vidt og breidt aat Stor-Gardom i Norddale og enno lenger.

Han Paal Hansson ha etter 1632 faatt Bygselbrev paa heile Garden, for de Aare svaaraa han Triaars-Avgjift[1] ’taa 7 Hu’e Lannskjyll. Saa vidt ein kan finne, va ikje han Paal Hansson Le’smann i Bygden nugun Gong, men 1651 har han mott i ei Peningsak i Heidale „som Fuldmegtig paa den Sorenskriver Kristian Hansens Vegne“. Mann maa ette di ha vore kjennd for, aa vore go’-forr se. Han livde enno i 1660 og maa vera dø eitt ’taa neraste Aarom ette; ’taa Bonom hans er kjennde berre tvo, ein Son, Hans, og ei Dotter, Marit, og denne Son va Bonn’kaftin, han Hans Paalsson Toulsta, som ha vore mykjy umtaalaa.

Han maa vera fødd umkring 1605; da han va i Førretjugeaars-Aldere gjifta han se me henne Anne Heggje fraa Gousdal, Dotter hans Semon Heggje, ein Mann som ei Ti’ va ein ’taa di største Jord-Eigarom ’taa Bøndom i Gullbransdale. Den Gongen han foor aat Heggje for aa fri, va han i Følgje me ein ong Gut fraa Kvam paa Fron, han Eistin Forbrigd; han ha saamaa Ærende og fekk ou ei ’taa Døttom paa Heggje. Da han Hans kom te-gards sto han Semon i Smiun, og der maalbar han Ærende si. Heggjin leet ikje obytt[2], men sa ve han, at de va best han taalaa ve Jenta sjøl um de, for ho fekk raa’ se sjøl me di, for honom. Og ho Anne ha ikje naagaa imot di, og ette di vart de Gjiftarmaal me døm; me henna fekk han Hans ei gjill Heimafylgd og sjøl va ho ei utu Maata dugele og drivandes Kjering. Ho kom full paa Garden i 1648 og da ho kom der, skulde de vera berre o-faatt og vandstellt baade ute og inne, men ho fekk annor Gjerd paa di, da ho kom væl i Stell og ha vore der i nogre Aar. I 1651, siste Aare han Hannibal Sehested va „Landherre“ paa Toulsta, fekk han Hans Bygselbrev paa Garden paa si Ti’ og no gjekk de ikje mange Aar, før de vart Vælstann paa Toulsta og Medel’n voks ette Hann. Og ette som de ha vore sagt, va de nok Kjeringje aa skulde, at de gjekk fort fram-te; men saa va de ei Megge, som ikje livde se, hell. I fyste Aarom ho va paa Toulsta, va ho Budeie sjøl og laag paa Tjorsæter’n inn-paa Toulsta-Aase me Krytyrom um Somrann. Vegen fraa Toulsta og inn-paa Sætre er full ei halv Mil, men i Slaatt-Onn gjekk ho Anne ne aat Toulsta me Grout-Klining[3] te Maargaa-Verds, ette ho ha mjolka, løyst Kue og stellt fraa se. Og mea’ ho gjekk att og fram imillom Toulsta og Sæter’n, spann ho paa Hann-Rokkje; ein Houst, ho fløtte ne-att, ha ho spunne Varp og Vefft te 7 nye Ryo.

Ho skulde elles vera um se i hardaste Lage, ho Anne, saa ho fekk ikje nettup naagaa godt Ord paa se ’taa Bygdafolkje. Ho ha etla se te aa samle Rikdom paa Toulsta førr ho la Styre ne, og de naadde ho, ou. Folk kalla ho mykjy „Heggjerote“ og de va ikje ’taa Go’o, men de høvde ikje ille, for de va me henna Medel’n og Rikdommen røta se paa Garde.

Ette Kri’e me ’om Karl Gustav i 1658 som Folke her sø’paa Lannde kalla Krabbe-Kri’n ette Statholdare, ’om Iver Krabbe, lout Kongen gjera Fre’ i Roskilde. De va ein hard Fre’ som skjerda[4] illt, forutta de Dannemark misste, gjekk baade Baahus-Len og Trondems-Len me ’taa Norig. Svenskann sette se fast i Trondem og tok Styre ivi Lene, la paa tonge Skatte og foor hardt fram, saa døm me di saamaa fekk alle Mann imot se. Saamaa Aare brout han Karl Gustav Fre’en og Kri’n losna att imillom Lanndom. Her i Lannde senda han Jørgen Bjelke ei Hermagt upp-over aat Trondem; ho sto onde ’om Major Reichwein. Han bytte Magte si i tvo, me eine Hope foor han sjøl upp-ette Østerdale, me di andre skulde ein Major Paal Michelet faaraa um Gullbransdal’n. Da Michelet kom uppi Gullbransdal’n, ha de samla se væl-saa 500 Døle friviljugt som vilde gjeva se me aa taakaa att Trondem fraa Svenskom. De va Fouten i Dale, han Jørgen Filipsson og den lærde og namnsporde Frons-Presten, Magister Petrus Adolfus, som baae ha maanaa Dølinn te aa samle se. Um detta sto Fouten og Magister’n paa eitt, elles va de som millom Honn og Katt me di tvo. Dølinn va bytte i tvo Kompeni me kaar sin „Bondekaptein“, Sø-Dølinn sto onde ’om Kristen Nilsson Bø fraa Gousdal og Nord-Dølinn onde ’om Hans Paalsson Toulsta. Naar dessa tvo vart tikne te „Kaftine“ saa er de Von te, at døm baae ha vore me ute førr, i Hannibals Kri’e, og kanhende ha tent for Sjersante, saa døm ha naagaa Skjøn paa aa føre ei Folkemagt mot Fiendom, og der-te skulde døm baae vera tvo store, sterke og røsslege Kare. Kaarmange Vag-Vere de fyl’de ’om Hans Toulsta paa desse Ferd’n, er okjenndt; den einaste som er namn-gjeve er han Knut Olsson Sygard-Hollbø i Sjaardale. Men de va nok hulde for ei saa stor Sak aa jaagaa Svensken utu Trondem, at de er all Von te, at di meste ’taa di Gardmanns-Synn’om, som førr ha tent Sylater, va me.

Nord i Uppdal raakaa Michelet me sine Mannskap og Gullbransdølom 3 Kompeni me svenske Hestfolk og døm rouk styggt i eit Trong, døm kom inn-i. Fraa Uppdal, Reinbuom og Ørkedale ga de se ou me nogre Hondrede me Friviljuge og den 1ste Oktober fekk Ovest Reichwein samla heile Magte si og bar te aa ringe inn Sta’n. Fraa Bernhusom va de ou kome ei Folke-Magt som sto onde ’om Ludvig Rosenkrans. Høvismann aat Svenskom heitte Klas Stjernsköld; Mannskape hans va berre væl 700 Mann og att-paa va de smaatt baade um Lo-Ty og Mat og Sjukdom rasa millom Folkje hans. Men han tenkte ikje paa aa gjeva se, han veelte paa di gamle Festnings-Verkje og fraa døm gjorde han de eine Utfalle ette di andre, saa de dragna ut, førr Reichwein fekk Bugt me ’om. De ha vore hermt ette Sternsköld, at førr vilde han koke Supe paa Skjinnbrøkom sine, førr han ga upp Sta’n; men da han ha hulde ut i 10 Viku lout han gjeva upp den 11te Desember. Han fekk tinga se fri Av-Ferd og Sylater-Honør. Me di va Svenske-Valde slutt i Trondem.

Gullbransdølin va ikje me i sjølve Stri’e, men døm gjorde go Tenest me Vakt-Hold og Spejing og han Hans Toulsta vaaga se jemnan, der ikje Andre tordest hell vilde. For aa faa Mellingo fraa Bernhusingom, gjorde han se Flaataa han foor over Elve paa og detta va eit Vaagan, som ikje mange ha Mo’ te. Han Hans fekk stor Ære ’taa desse Trondems-Ferd’n og han fekk ha Toulsta skatt’fritt i mange Aar ette te Marcelius fekk Skjøte paa Gard’n. Han va kalla „Bondekaptein“ sia’ og de ser ut te, at han va te-sett aa sjaa ivi „Bondegeværet“[5] i Bygden saa lengje han livde. Ette Marcelius ha faatt Skjøte paa Toulsta saa han sto som „Landherre“, ha han Hans mange Retts-Sakje for ’om, baade um Kvennberge og Skogen inn-paa Toulsta-Aase. I aarle Lannskjyld ’taa Toulsta va de svaaraa 8 Rd. 3 Sk. og 12 Rd. i Ferskmat; Treja-Aars Avgjifte va 312 Rd. og ’taa Kvennbergje vanle Tiend. I 1668 bygsla han Hans Fjellvatne Ingulsjø’n og ve dette Leite rødde han se nytt Sæterbol ve Refjellsbækken i Murudale. Da dette Sæterbole laag paa Heidals Grunn, ha Toulsta ingen Sæter-Rett der, men han ha be’e upp aat se tvo Heidøle, han Ola Slette og han Knut Heringsta, Eingong døm kom fraa Tingje paa Vaagaa og sport døm, um han ikje fekk sætre der. Bjønn slo berre ihel Krytyre hans inn-paa Aase, sa han. „De kunde full ikje vera nugun forr-godt,“ svaaraa han Knut Heringsta og paa de rødde han se Sæter. Men da han saa bar te fiske paa Refjellsvatnon, la Heidølinn Sak me ’om baade um Fiske-Rett og Sæter-Rett. Ve Dom i 1687 vart Fiskeretten fraadømt ’om, um Sætre vaaraa Sakje lenger fram i Ti’e.

I 1685 fekk han Hans Paalsson kjøpt Toulsta te full Eige ’taa Son hans Celius Marcelius, han Johan Marcelius; Skjøta er skrivi i Trondem den 14de Januar 1685, Kjøpesommen er ikje nemd. No va han endele eigjin Lannherre og de va nok de, han og Kjeringje, ha arbeitt traatt ette heile si Ti’. Rekna ein ho Fru Adalis Erlingsdotter for den fyste Eigaren paa Toulsta ’taa døm, som ein no veit um, saa er han Hans Paalsson den 12te ette 1437. Men han Hans kjøpte enno ein Stor-Gard te; i 1688, tri Aar ette han ha kjøpt Toulsta, kjøpte han den gamle Frigard’n[6] Tofte paa Dovre ’taa „Brigadier“ Husmann, som da aatte Tofte. Skjøta lydda elles paa treja Son hans, han Knut Hansson, men den eldste, han Semon, som va att-kalla ette om Semon Heggje, vart ve Gard’n te Slutt. No aatte han Hans di tvo gjildaste Gardann i Norddale og fleire mindre Bruk att-aat, ihop-att ha han onde Henndom 20 Hu’e me Jord, 10 Hu’e paa Lalm, 7 Hu’e og 4 Skjinn paa Dovre og 3 Hu’e i Gousdal. I 1692 heldt han Skjifte, eldste Son, han Semon, fekk Tofte, den nest-eldste, han Paal, fekk Toulsta og han Knut, den yngste, som sia kom aat Hvalby paa Ha’land fekk Baarsta paa Lalm og Kalsta og Kalstaru i Gousdal. Den einaste Dottere, ho Kari, fekk 184 Rd. i reie Pening for Arven sin; ho vart gjift aat Formo paa Sell.

De ha gaatt eit gomalt Sejan um kaarles Toulsta-Kaftin fekk all Toulsta-Aasen onde Garden; all denne store Skogvidde er hardle meir hell ei halv Rutmil[7] og ei ’taa største Skog-Eigom som ligg te nugun Gard i Gullbransdale. Jou, i di Ti’om, han Hans ha kjøpt Toulsta, va de eit Stor-Kvinnfolk paa Olsta paa Sell som heitte Janniken, ho va Dotter aat ein Frendrik Just Mogenssøn som aatte baade Olsta og Ulsvolln. Ho Janniken vilde kjenne se Rett i Skogje paa Aase og ho og Toulsta’n kunde ikje einast um Bytes-Lina. Da vart døm samde um aa gjera de saales, at døm baae skull staa upp ti’le um Maargaan ein viss Dag, han paa Toulsta og ho paa Olsta og møtast innpaa Aase. Der døm møttest, skulde Mar’stein staa. Men ho Janniken forsov se styggt: da Toulsta-Kaftin kom ut-paa Aasbrækka, ogo’ Sells-Gardann saag han ikje naagaa te henne og saa ropte han saa de lyddest ne-i Bygde: „Ho ha forsove se ho Janniken Olsta idag!“ Sia’ ha all Aasen høyrt Toulsta te o-anka.

Han Hans Paalsson dø ve Saamaarmaal-Leite i 1695 90 Aar gomol.

Den nest-eldste Son aat Bonnkaftine og som fekk Toulsta ette Fare, heitte Paal Hansson som førr er sagt. Da de finnst att naagaa han sjøl ha skrivi upp um Live sitt, er de best aa høyre hans eigne Ord.

„Jeg Povel Hansen er født paa Gaarden Tolstad i Aaret 1652 en Kyndelsmesseaften og var døbt af Hr. Henning Colderup[8], Sogneprest til Vaage. Aaret 1675 ved Pinsetider reiste jeg herfra Tolstad til Kristiania af Aarsag jeg ei vilde tjene her som Soldat, eftersom den herværende Kaptein, Hr. Ole Bruun, da havde skrevet til Soldat andre i sit Kompagni, lod mig hverve til Rytter af Mathis Anderson Tonsberg, daværende Stiftamtmand og Guvernør paa Agershus, hvor jeg var under Ridtmester Sibbern og blev der Korporal som jeg betjente i 212 Aar. Da blev jeg bestilt af Generalmajor Duusen til Ridtmester-Adjutant ved Oberste Skarenholens Regimente som jeg betjente indtil Krigens Ende som varede fem Aars Tid. Efter Krigens Ende blev jeg rekommanderet ved Dragonerne i Trondhjem af Generalmajor Wibe under Hr. Juuls Kompagni i Værdalen hvor jeg var i tvende Aar Sekundløitnant, da fik jeg Brev fra min salig Fader, at dersom jeg vilde bebo min Faders Gaard, jeg da skulde komme hjem og tage den i Brug saasom han da var en gammel og sengeliggende Mand, hvortil jeg betænkte mig og tog min Afsked fra Kompagniet og begav mig hjem i 1681 og blev saa stedse hjemme til min salige Fader døde Anno 1695 den 5te April. Og i Aaret efter kom jeg i Ægteskab med min salige Kone Anne Olsdatter og levede vi sammen i 37 Aar.“

Trast han Paal kom heim att i 1681 tok han Styre paa Garde, men allt gjekk i Namne aat Fare te i 1692. Han Paal va for det mesta kalla Toulsta-Lutnan og va likesom Far’n ein stor og røsle Kar. Eit Par Aar ette han vart Eigar ’taa Garde, tok Trætta um Refjells-Sætre te att; i Millom-Ti’n ha han Paal faatt Fouten, han Kristian Hansen, te aa gjeve se Bygsel-Setle baade paa Sætre og Buvatne i Refjelle, men da Sakje kom paa Aasta’n saag han nok, at de va tapt Spel og paa ein hell a’an Vis fekk han de te, saa Heidølin gjorde Forlik me ’om. Baade han og Mann paa Øver-Bjønnsta fekk Lov te, aa sætre ve Refjellsbekken og Toulsta’n skulde faa fiske me Gaa’n paa Buvatne. Sia’ ha denne Sæter-Retten fyl’t Garde; men da ein ’taa di seinare Mennom paa Toulsta sette upp Nouster og Bu ve Buvatne, vart han dømd te aa rive døm ne att. De sto nok i Forlikje, at han skulde faa Lov aa fiske me Gaa’n, men ikje at han skulde faa byggje se Hus. Di fyste Aare ette han vart Brukar paa Toulsta, ha han mange Sakje me Folk og de ser ut te, at han va naagaa hard-søkt i Fyrstningen. De henda ’om ein Gong imillom, at han lout bøte paa Tingje for aa ha brukt Nevaretten; men detta va me de sat att ’taa Hermanns-Gjerd’n hjaa ’om; ette de lei’ paa, ser han ut te aa ha vore ein fre’ele Grends-Mann.

Naar han Paal Hansson saa stutt og endefram fortel, at han, Aare ette gamle Kaftin fall av, „kom i Ægteskab med min Kone Anne Olsdatter“, saa høyrest de ikje ut te aa ha vore naagaa Mein-Bægje for di Gjiftarmaale. Men di Gamle ha anna aa fortelja um de, som døkk ska faa høyre.

Eit Par Aar førr Kaftin dø, kom de ei ong Framvekste aat Toulsta te Gjætljente. Ho va fraa Rusnes nord-me Vaagaa-Vatne og va eit Baan Kjeringje paa Rusnes ha fram-firi-aat[9]; difor lout ho ut aa tene sit Brø’, trast ho vart saa go. Ho vart verande paa Toulsta, for ho va slik, at „Heggjerote“ likte ho paa all Vis, og da ho vart vakse, va ho baade ei vakker og væl-tenkt Jente og godt go-te se me Allt. Og saa kom Lutnan te aa like ho saa væl, at de vart Kjennskap og Vennskap me di tvoug. Dette heldt døm nok dølt lengje, for de va Eingong ho Anne og di andre Tenaran sat og taalaa loust og fast ’taa kaa, som fall, ho sa di Orde: „de ser alle mi graae Flysse[10], men ingen mi store Lykke“, og di Orde ondrast døm mykjy paa, den Gongen, og kaa ho kunde mena me døm. Men Gamla sjøl ho ha nok Ougo baade baka’ og frama’ og kom ette me, kaarles de va me ’om Paal og henne Anne og saa tok ho paa se Stygge-Hetta. Ho tenkte aa gjort den Kjennskapen um-inkje me ein einaste Gong, men me di va de verre aa faa fram villi’n sin, hell ho ha tenkt, og ho vart var, at de er ikje godt aa leggje se i-millom Bork og Tre. Gong paa Gong va ho ivi ’om Paal me dessa, at han skulde sleppe ho Anne paa de Grase, han tok ho, men ho fekk ikje fløtt han, de hjolpte like mykjy antell ho talde for ’om, hell toutte[11] paa han. De einaste ho fekk han te aa jatte, va, at han ikje skulde gjifte se me henne Anne saa lengje den gamle, sengjeliggjande Far hans livde. Men da han vart burte, tvilte ho nok um, at de kom ikje te aa drygje lengje førr Gjætl-Jenta fraa Rusnes kom te aa løyse ho av i Styre paa Toulsta, og saa gjekk ho paa han, hardare hell nugun Gong, for aa av-øy’e eit slikt Van-Gjifte. Ho ga ’om ikje Fre’ korkje seint hell ti’le og hekk ette ’om kaar han va paa Garde. Ein Dag sto han i Smiun og best de va, kom Mor hans ette og sette paa me sitt saamaa, gjeva se vilde ho ikje. Da sa han Paal ve ho, at førr han ga se, førr strouk han fraa Toulsta og allt ihop, og de vart kanskje de beste aa struke me di Fyrste, for ein Gong aa faa Fre’, sa han. Me di gjekk han utu Smiun og let More staa att der. Men da saag Heggjerote at ho rokk ikje te; aa drive han Paal ’taa Garde, ha ho nok hell-ikje Hog te og saa ropte ho paa han, da han va kome aat ein flat Stein som laag i Stigje fraa Smiun. Han venda og gjekk ne-i Smio att – jou, da skulde han i Guds Namn faa gjifte se me henne Anne, ho skulde alder seja eitt illt Ord um de meir. Denne Endlykte me døm i Smiun taalaa han Paal ofte um og da lagde han stødt te, at den flate Stein i Smiu-Stigje, ha han hulde ’taa stødt sia’ og han gjekk alder over den mindre, han minntest, da Mor hans ropte paa han. Da han Paal gjifta se va han 44 Aar og ho Anne snøgge 16, saa de va ei ong Kjering som tok Styre etter henne Anne Heggje.

Men han tok ikje imiss, han Paal, da han tok ho Anne Olsdotter te Kjering, ho ga ikje Gamlun ette paa nogor Lei’ og de va Allemanns Ord, at glupare Kjering ha de ikje vore paa Toulsta, hell ho va. Han Paal og ho Anne fekk 12 Bon som alle livde tess døm vart vaksne; de eine dø hell ongt men di hine 11 kom se alle godt fram i Verd’n. „Desse Tolv“ paa Toulsta va mykjy umgjete og naar gomolt Folk sat samen i Lagom for væl-saa ein Manns-Alder sia’, ha døm ofte Moro ’taa aa fortelja um, kaar alle desse Toulsta-Bone kom av, um Gjiftarmaale deres og Skjyldingann deres ut-ivi Bygde. Og da minntest døm ou den Stri’n Lutnan ha aa staa me Mor sine, førr han og ho Anne kom te-samen.

Lutnan paa Toulsta løyste av han Gamel-Kristen Bjønnsta i Le’smanns-Ombue i 1699 og sia’ fyl’de Ombue Mennom paa Toulsta paa Lag hondrede Aar. Han har byggt den gamle „Foutstugo“ paa Toulsta som sto te Gard’n brann i 1856; ho vart ferdog som i 1720, for ve de Leite vart Toulsta fast Tingsta for Vaagaa. Ette han vart ein gomol Mann, dreiv han ut Elvtimber og selde i Kristian; fraa Toulsta-Aase og Skriu-Moom kunde han drive ut utu eigjin Skog mest saa mykjy, han vilde.

Ho Anne Olsdotter Toulsta dø i 1732 berre 54 Aar, han Paal livde att te i 1738 og vart 86 Aar. Bone deres va desse: 1. Hans f. 1695. 2. Knut f. 1697, gjift aat Ner-Øy paa Vaagaa. 3. Semon f. 1699, Sjersant, gjift me henne Eli Fliflet i Faaberg, Enkje ette Lutnan Fliflet som dø i Ofre’e Nora-Fjells i 1718; Semon vart Le’smann i Faaberg og sia’ har Ækte hans havt Le’smanns-Ombue, Son ette Far, te i vore Daagaa. Fliflet-Ækte er vidt ut-greina i Dale og Mjøsbygdom. 4. Anne f. 1701, gjift me ’om „Paal-Anders“ Bjønnsta. 5. Kari f. 1702, gjift me ’om Ola Litljem i Kvam. 6. Ragnhil f. 1705, gjift me ’om Ola Heringsta i Heidale, Mor hans Gottorm og hans Stor-Hans Heringsta. 7. Paal f. 1707, kom aat Haversta paa Fron. 8. Mari f. 1709, gjift me ’om Tord Leine i Kvam. 9. Marit f. 1711, gjift me ’om Jørn Flaagaasta, Le’smann paa Lesja. 10. Hans f. 1713, dø ogjift. 11. Ola f. 1715, gjift aat Kleppe me Dotter hans „Sterk-Tjøstol“. 12. Gullbran f. 1717, kom aat Baarsta paa Lalm.

Han Hans Paalsson, den eldste ’taa Bonom aat Lutnane, va gjift me henne Barbro Tordsdotter Bjølsta. Han va Les’mann i Bygden fraa di Far hans vart forr-gomol og te han kunde le’ Son sin løyse se av. De va han Hans, som slo Kaftin Grønner paa Bjønnsta (sjaa Bjønnsta-Ækte). Bone deres va 4, tvo Gute og tvo Jento, baade Gutann og Jentunn va Tvillinge. Han Hans Paalsson dø 1780.

Ette honom kom Tvillings-Son, han Paal Hansson, f. umkring 1725 og gjift me henne Mari Paalsdotter Tofte. Va Le’smann te fram mot 1790. Tvillingbror hans heitte Tord og gjifta se aat Haarelsta i Heidale; Son hans Tord er E’svollsmann Paal Tordsson Haarelsta, som de kjem lite um seinar. Han Paal Hansson og ho Mari ha 10 Bon, 5 Gute og 5 Jento, som alle livde og kom se godt fram. Ein ’taa Gutom som dreiv Fehandel, dø ogjift i Kristian. Han Hans dø 1812. Eldste Son, han Hans Paalsson, va fødd umkring 1760 og fekk Garden ette Fare umkring 1795. Han va gjift me henne Mari Olsdotter Slette, ’taa Bratt-Ækten. Fraa gomol Ti’ gjekk de eit Sejan um, at de va ei Sylv-Aar paa Toulsta og i Foutstugu-Kjellare skulde blanke Sylve liggje bert i Dagje. Fraa di kom de se, at de heldt se saa væl me Rikdom paa Garde. Hjorthøy fortel i „Gudbrandsdalens Beskrivelse“, at de fannst Sylvmalm paa Toulsta som ha vore prøva paa Kongsberg, men han va for-ring te aa drive. I 1816 og 17 va Bergmester H. Strøm paa Toulsta og foor over Bergje ve Svart-Tjønne og Nysætre. Nogre ’taa Prøvom han tok, heldt 12 Lod Sølv paa 100 Skaalpond, men allt me se fann han ikje, at de vilde bera se aa setja i Gong Gruvdrift.

Han Hans Paalsson ha 8 Bon ette se da han dø i 1841; den eldste, han Paal Hansson, va ou gjift me ei Mari Olsdotter Slette. Han laag ute i 1814 og va me i „Fribattaljone“ og her gjorde døm baade frous og svolt som i di andre Troppom. Kammeratann hans Paal hermde ofte kaa han sa, Eingong døm sette se og skulde ha i se naagaa tunn Vas-Supe[12]: „Ha oss no naatt i Kalvsupa henna Mor, skulde ho smaakaa godt!“ Te han va ein me’alders Mann dreiv han me Fehandel; umkring 1830 kjøpte han Grann-Garden, Uppi-Stugo Haamaar, som sia’ ha vore att-aat Garde lagd. Um Vaar’n 1856 brann Garden saa berre tvo Fjos sto att og ein Mengde gjillt Innbu og store Verdaagaa ’taa alle Slag gjekk me, ihop att brann de upp over 20 Hus paa Tal.

Han Paal va ein stor, røsle Mann og va i Ongdomme halde for ein ’taa di magtogaste Karom, som fannst i Bygden. Han dø i 1864.

Me di tvo siste Eigarom paa Toulsta ha de sute 4 som ha heitt Hans og 5 som ha heitt Paal paa Garde, Son ette Far fraa 1631.

  1. Triaars-Avgjift „Tredieaars-Tage“ va ei Utrei’sle Bygselmann svaaraa for kaart Aarmaal (3 Aar).
  2. leet ikje obytt: sa ikje nei, trudde de vilde jemne se.
  3. Grout-Klining: Mjolke-Grout smort paa Flatbrø.
  4. skjerda (skjæla m. tjukk l) og skarda (skala m. tj. l): gjorde Skard i, øydde.
  5. „Bondegeværet“: Gards-Gjevær me Lo-Form, Krafse, Sabel „Geheng“ og „Bandoler“ som alle Fullgards-Menn vart paalagde aa kjøpe i 1618.
  6. Frigard: Krongods-Garde som Bygselmann ha „kvitt og fritt“ for aa helde Hus og Skjyss aat døm, som foor i Kongens Ærend og aat andre Reisandes. Tofte og Bræe va Frigarde.
  7. Rutmil (Vinje): Firkant-Mil.
  8. Dette er eit Misstak; Presten heitte Fredrik Nilssøn Glostrup.
  9. fram-firi-aat: firi Gjiftarmaale.
  10. Flysse: Stakk.
  11. toutte, aa toute: skjenne.
  12. Vas-Supe: Supe ’taa Mjøl og Vatn.