Thimonnier

Fra Wikikilden

Han va son aat ein fargar i Lyon; fek i sin ungdom litt lærdom paa eit seminar, aa sette seg deretter ne som skreddar i Amplepuis.

I Thimonnier si ungdomsti va det skik at fabrikeigarane i Lyon sende heklearbei til bondefolke i bygdene kring byen. Dette sette Thimonnier paa den tanken aa bruke maskin til heklingsarbei. Han fek til ei slik heklemaskin, aa ho gjore arbeie got aa kunne endaa brukas til klæesaum.

Fraa Amplepuis reiste han til st. Etienne paa skredderi. Men elles dreiv han i 4 aar mest berre med aa grunde paa ei ny maskin. Han stengde seg inne i eit avsies rom; ingen fek vite kva han stelte med; han forsømde forretninga si, vart fatig, miste sin kredit, aa folk trudde han va gal. Men endaa dreiv han paa som før.

Endeleg va fyrste symaskina istand. Han tok patent paa ho same aare, 1830. — Til hans lukke va der ein gruveinspektør i st. Etienne, som skyna kva verd denne opfinninga vilde faa. Han hjelpte mannen til Paris aa fek igang ein verksta der paa 80 maskiner til aa sy her-klæer.

Men her fek han motstand fraa ei magt som han minst hadde venta motstand fraa. Arbeiarane hev kvar gong ei maskin hev vorte opfunna, set paa det med vonde augo. Instinkte hev sagt dei, at som samfunde no er, vilde maskinene skae dei aa ikkje gagne. Paa ein maate hev dei havt ret. Kvar ny maskin hev gjort arbeisfolk brølause. Den arbeiskrafta som maskinene hev spart in, hev einast kome fabrikeigarane tilgoe. Arbeismannen hev berre havt skae. Vistnok hev arbeistia vorte stuttare enn ho va før. Men so er arbeie so mykje meir einsidigt aa hart aa helseslitande, at det gjeng op i op. — Me skal altso ikkje undras paa, at arbeiarane hev reist seg mot det som i det fyrste gjore so mange brølause aa som i lengda helder ikkje hev letta dei. Det galne er berre, at harmen skulde gaa utover slike som ikkje fortente det, men som meinte det væl.

Opøste arbeisfolk braut seg in i verkstaen aat Thimonnier, braut sund alle maskiner aa jaga Thimonnier paa flugta. Han laut reise attende til Amplepuis.

Tvo aar etter tok han til Paris att aa dreiv som svein med maskina si, som han jamt stelte aa vølte paa. Men naar tvo aar va gaat sto han tom hendt aa maatte ta landevegen heimatt med maskina paa ryggen, aa livnærde seg paa vegen ved aa syne maskina for folk.

Daa han kom heim ga han seg til aa arbeie maskiner aa fek selje ei aa anna, endaa folk bles berre dei høyrde nemne maskinsaum.

I 1845 hadde Thimonnier faat maskina si so pas at ho kunne gjere 200 sting i menutten. Isaman med ein Magnin faar han no igang ei fabrik til aa gjere maskiner. Han vøler endaa meir paa maskina, so det kan syas altslags ty aa led, aa han faar ho til aa gjere 300 sting i menutten.

I 1848 hadde han teke patent paa maskina si i England. Men so kom revolusjonen; aa han laut reise til England aa selje patente til eit selskap i Manchester.

I 1851 skulde han sende maskina si paa ei utstilling i London. Men kor det va eller ikkje, maskina kom kje fram, før juryen va ferug med sin dom.

Thimonnier hadde heilt fraa 1832 stræva med aa faa til ei maskin med skutel aa dobbel traa; men endaa i 1856 va han ikkje ferug. Utsliten av sit lange møsame stræv aa vonde dage døe han i 1857, fatig som naal.