Hopp til innhold

Stor-Sannes’n

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (s. 161-164).

Stor-Sannes’n.

Han Ola Sannes, Stor-Sannes’n, døm kalla, va fødd 1768; han va jemn-gomal ve han Iva Bjønnsta og di tvo va kristna i saamaa Vatne. Ette døm vart vaksne Kare fyl’des døm i Reinsfjelle ou, ein Houst hell tvo. De va ein stor, før Kar, han Ola, og saa hardsett og fæl te aa vaage se, at han mest ikje ga se for naagaa, um de saag alder saa styggt ut. Men da han naadde di fire-og-tjugande Aare sine, fekk han Slag og sia’ va baade eine Haande og eine Foten lame. Likevæl va han ein gjild Arbei’s-Kar heime paa Garde te sin Døyan-Dag, men aa faaraa te-fjells me Børsun vart de no Ende me, ette han fekk Slage.

Ja, ein grov Hardbakkje va han, mea’ han va helsog; de ha vore mykjy um-taalaa, kaarles han gjorde de Eingong, han gjekk heim-att fraa Stuttgongen. De spratt ein liten Stein uppi eine Skraae[1] hans da han kom paa Vegen, men trur døkk, han løyste ’taa se Skraae og tok utu Stein – nei, „han ska faa kjenne inkort Stein ou!“ sa han og dreiv paa og gjekk. Men da han kom aat Ransverk sto Blo’-Froun upp-me Hoso-Hæle hans, enda va han saa arg, at han gjekk heim aat Sannes me Steine i Skraa’n.

Men mest um-taalaa va no Bjønn-Vei’ingje hans i Sikjilsdals-Hø’n og eit godt Varp va de ou, som døkk ska høyre. Tvo Reins-Skjyttare, han Sjugur Sande og han Eina Megarde-Snele, gjekk se inn-paa eit Bjønn-Hie nørdst i høgste Sikjilsdals-Hø’n, ein Houst døm va te-fjells ette Reine, de va andre Aare ette Offsa detta henda. Da de lei’ lite paa Vinter’n, saa um-lag ve Hilgumess-Leite fekk døm me se Stor-Sannes’n og tok te-fjells alle tri, skulde sjaa te, aa faa skote Bjønn i Sikjilsdals-Hø’n. Han Eina Megarde ha ein Reins-Honn døm ha me se, um døm kunde faa Bruk for ’om. Bjønn-Hie slapp døm leite ette, for di tvo ha tikji se godt Mark paa, kaar de va. De va inn-i ei Holo i eit Berge-Naas og denna Holo gjekk langt inn, saa de va som ein stor Kjellar inn-igjønom. Holo va berre trong i Munnae[2] og ein vakse Kar kunde ikje kaamaa inn-i mindre han kroup paa firom-føtom, men lenger inni va ho saa rum, at ein kunde staa rak. Paa eine Si’un inn-i Holun va de ein brei Pall og paa honom ha Bjønn laagaa se Hie ’taa Roumaasaa, han ha bore inn-i um Housten. Der laag han trygg, tenkte han, for Pallen, han laag paa va baade høgre hell Munnin og laag saa mykjy te-si’es, at de nytta ikje aa tenkje paa, aa naa ’om me ei Kule utta’-fraa.

Da Karann kom burt-aat Bjønn-Hie, slapp døm ondras paa, um Bjønn va heime-ve, for heile Berge-Veggen upp-for Holun va saa tjukk me Rim, at de berre lavde, mest-som ein ser Rime upp-ivi ei Fjos-Dør i hard Kalde. Men aa faa den Kar’n ut, va verste Kaste; døm hua og skreik aat ’om, kasta me Stein inn-i Holo og skout me loust Krut, men ut og onde berr Himel vilde han ikje. Nei, da vilde Sannes’n krupe inn-i Holo aat ’om me Børsun og freiste gje ’om ei go Helsing, saa han kom paa Føt’n – eit vaaga Spell va de, men de høvde ’om Ola, for ein Vaag-Hals ha han vore all sin Dag. Di tvo hine, han Sjugur og han Eina, skulde staa te-rei’e paa ein Lega, beint upp-ivi Hole, og setja Kulunn i han me di saamaa han synte se. Me di kroup Sannes’n inn-igjønom – han Eina Snele tykte de va saa styggt, at han bar te aa graate, da han saag Sannes’n smatt inn.

De va kolande myr’t inn-ia Holun, men da Sannes’n saag umkring se fekk han sjaa de gløste som fraa tvoug store Katt-Ougo uppaa di Palle, der Bjønn laag og ette di Ljoskom peikte han me Riflun, de beste han kunna i Myr’tne og skout, saa de ronnde og daanaa i heile Fjelle. Og no va han ikje sein paa aa kaamaa ut att, for han høyrde Bjønn kasta se kvast ne utu Sengen, som Von kunde vera, for Sannes’n ha skote av nere Kjeften paa ’om. „Jou, Dj. brenne meg, kjem han ikje no, lell! no ska de bli Bjønn-Mølju[3]!“ sa Sannes’n me di saamaa han kom ut att krupande. Han sprang uppaa Legan aat di tvo og i saamaa Stonn kom Bjønn ette, ou, men Hole va saa trongt, at han hekk og vridd og vatt se, førr han kom fram. Da ha døm Tak, han Sjugur og han Eina – men døm va saa redde og forr-fjamsa, baae tvo, at døm skout reint imisst og ikje Eingong snerta eit Haar paa ’om. Sannes’n ha ikje Skot i Børsun, maa’ta og no bar de te aa spøkje for naagaa ’taa kaart. Me di saamaa Bjønn kom lous faataa han ei Børs-Hyltre ’taa tjukt Ler som sto i ei Snjo-Fonn att-aat Hole, og beit tri store Hol igjønom ho, enda Kjeften hans va skrelt. Saa reiste han se paa Tvo og vilde uppaa Legan aat Karom! Da greip han Sjugur Sande Honn og kasta ne aat ’om og han sette paa gneldre saa avraa’e, at Bjønn skvatt saa han rulla att-aa-Bak. Honn dreiv og gneldra og Bjønn freista aa faa Slag paa han og mea’ dette sto paa, fekk Sannes’n lødt Rifla si og ga ’om eit Skot saa godt, at han tok Kuten sø-over fraa Bergje. Baade han Sjugur og han Eina la te-sprangs, men han Eina va saa redd, at han nøytte ikje Føt’n sine – han rulla som ein Sekk, sto upp-att og rulla ikoll att. Han Sjugur ha be’re Haatt og fekk lødt Rifla si att og da Sannes’n saag de, greip han Rifla fraa ’om og sette ette Bjønne. Han naadde ’om att sø-paa Fjelle eit Stykkjy og raakaa han saa gløgt, at han datt dou onda Smelle. De va reint eit A-Beist te Bjønn, Ferde ette ’om i Snogje sø-over Fjelle va som ein skulde seett Ferde ette ein Stytting’! Da døm flaadde han viste de se, at de andre Skote Sannes’n skout paa han, ha raakaa han i Hjerta, men han va saa utu Lagje feit, at Kul-Hole ha flogje att me Feitt saa Blo’e fekk ikje losne. Siste Skote ha gaatt ette Ryggje-Beine og støkt Rygg-Ra’e i ’om. Hu’e va saa stor, at Sannes’n gjorde se Skjinnfell ’taa henne og de vart full-stor Fell baade i Lengd og Breidd. Døm laag ihop onde di Felle ei Natt, Sannes’n og han Iva Bjønnsta, han Iva va i-gjest hjaa ’om; de va varm og go Fell, sa han Iva, men de va ein lei Klo-Dyr-Tev ’taa ’om. Han Eina Snele ha sli’i upp eine Labben ’taa Bjønne upp-ivi Staburs-Dør’n paa Snele og de va naagaa Klø saa lange og tjukke, at de va reint kall-tokka aa sjaa døm.

Stor-Sannes’n dø i Stuttgongen og den Ti’e va de ikje annor Fram-Kjømd te-bygda Saamaars Ti’ me eit Lik, hell paa Øykje-Ryggje. De va ein, heitte Paal aat Barun[4], som kjørde Sannes’n heim-att; men de va ikje mykjy att ’taa ’om, da, sa han Paal, han va ikje stort tyngre, hell ein medels Kløv-Meis, sa han.

  1. Skraa: Sko.
  2. Munnae, ein Munne: Munn, Opning.
  3. Mølju: Soll ’taa Brø og braa’e Feitt.
  4. Paal aat Barun: Paal, Son aat ei, heitte Bara.