Hopp til innhold

Skroudøl’n

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (s. 290-292).

Skroudøl’n.

Han va bylærd Snikker og sto Læra ut i Trondem imillom 1810 og 15; rette Namne hans va Eirik Skroudale og han va fødd og alin paa Dovre. Ette han va ferdog me Lærun, heldt han se i Uppdal ei Ti’ og der vart han gjift me ei Le’smannsdotter. Paa Lag 1825 fløtte han hit i Bygde og vart verande her te sin Døyan-Dag. Trast han va kome te-bygda og Folk fekk sjaa Arbei’e hans, fekk han Ord for, aa vera beste Snikker’n, som enda ha vore i Bygden, og de Orde loug nok hell-ikje i mange Maate. Bygda-Snikkerann sa sjølve, at døm ha ikje ty imot ’om Eirik, „han er over oss alle te aa felle Ve’en,“ sa døm. Men saa ha ingen a’an Snikker i Bygden havt saa mykjy go Ambo, hell, som Skroudøl’n ha, han ha tvoug stive Merra-Lass me Snikker-Ambo, da han fløtte inn-i Bygde. Di gamle Bygda-Snikkerann firi honom ha alder meir ’taa di Slagje, hell døm la i ei Skreppe, naar døm skulde burti ein Gard i Arbei’. Skroudøl’n va den fyste Snikker’n i Bygden, som ha Tvi-Tenn[1] i Høvlom sine, firi honom ha alle ein-tennte Høvle og heimsmidde Tenn.

Trast ette han kom te-bygda va den store, nye Stugo paa Bjølsta uppsett og ho va de Skroudøl’n som innreidde, sia’ innreidde han mange nye Stugu paa Stor-Gardom i Bygden. De finnst enno att mykjy Arbei’ ivi heile Bygde ette honom, for Arbei’e hans va slikt, at de sto godt me Lag; de va sannt, de, som va sagt um han, at han va ein Kolv te aa „felle Ve’en“. Han kom me nye Gjerde paa mangt ette di, som va Motin i Trondem da han gjekk Læra. Firi honom va de mesta Narve-Døre[2] i alle Stuguhus, berre paa ei og annor Høgstugu kunde de finnast ei Spil-Dør, men da va de berre einn Spil i heile Dør’n. No kom Skroudøl’n me ei ny Gjerd paa Spil-Dørom, han gjorde døm me 3 jemnstore Spile. Glas-Ve’en hans va de ou ei lite a’an Gjerd paa, Glas-Strikken[3], han brukte, ga Smaa-Ve’e ein a’an Skapna og han va troustar hell den gamle. Skattolle hans va hell-ikje paa den Gjerde, som Maalar’n og Hellelykkjin brukte, han ha flat Koll i Sta’n for S-møna[4]; lengst ette Kolle, øvst paa, laag ei naagaa før, bein List og onde henna ei tunn, lite breiar List som va igjønom-skaare. Den Skurd’n va ikje Krill-Krot, men naagaa Figure han gjorde me Passare og som høvde godt di flate Skaap-Kollom. Han dugde ikje te aa skjera ut og naar han freista me Dølaskurde, bar de reint burt-i Veggjinn. Paa Smaa-Bord og Skjivo kom han ou me ein annor Gjerd; førr ha Skjivun jemnast baagne Stette, „Bukke-Føt“, døm kalla; Skroudøl’n gjorde døm me beine Stette som han svarva. Allt Arbei’e hans er lett aa kjenne att millom di andre og de meste er overlag vælgjort. Nugun Konstnar-Evne ha han ikje og Gjerde hans høve ikje væl attaat di gamle; vissa er de naagaa hal’t nymotes ve Skaape hans som ikje maata imillom Hus-Bona paa gomol Gjerd. For ei Ti’ sia va de nogre Matklukk-Taarn i Bygden, Skroudøl’n gjorde; døm ha ou ein oukjennd Skapna og likna Rysse-Taarn[5]. No finnst de full ikje att naagaa ’taa døm lenger, kaar væl-gjorde døm elles va.

Skroudøl’n va hal’vegjes ein Einstøing paa summe Vis. Trast han kom hit-i Bygde va han tølot[6], knota og va baade fin og fornem og Bygda-Folke ha jemnan Spel me ’om. Han va mykjy i Arbei’ paa Stor-Gardom og der ha døm ofte Moro si me ’om; enda han va ein ’taa minste Karom som fannst, vilde han vera magtog og skrytte fælt baade ’taa Magten og ’taa di han va saa orimele frisk. Skjyttar vilde han vera ou, og paa Bjølsta senda døm han burti Reinsfjelle i fleire Houste me Øyk og ei gjill Matkløv; men Skroudøl’n kom alder paa Garden att me Ferskmat. Eingong fekk han Tak paa ein Reinshop, fekk godt Stillan og kom i høvele Skotmaal ve’n; da tenkte han ette, at han visst vilde faa slikt Mas og Arbei’ me aa flaa og urde ne Kjøte, at de vilde bli lengje te Maals for ’om, de va nok vissast aa eta ein Beta førr han skout, tenkte han. Og de gjorde han, men da han saa va ferdog te aa klemme te, va Rein – burte. Kjeringje hans, „ho Ingebor“, va hell-ikje fri for, aa vera naagaa for se sjøl; ho va ei framifraa dugele Menneskje, men eit Hard-Jønn og me ein Kjeft, som va namnspord. De gaar att Hermo ette henne den Dag idag og ho raakaa Naglin paa Hugue og kom me Ord, som gjorde baade beit og brennde. Ho og Mann livde i Osamna ra’e og stødt, men naar „ho Ingeborg“ skapte se gale, lout „han Erik“ sjøl smuge onde Benken.

Skroudøl’n eka[7] Snikker-Hannverke fram-te ein go Mon her i Bygden me di, han kom me ny og be’re Ambo og lærde Snikkerom be’re og lett-vinntare Maate i Arbei’e. Han dø i 70-Aarom, mange Aar paa femte Tjuge.

  1. Tvi-Tenn: Dubbelt-Tenn.
  2. Narve-Dør: Dør som er ihopsett ’taa Bord, sett Kant i Kant me tvo Narve (Dragfisk, Labank) te aa halde ho ihop.
  3. Glas-Strikk: Listhøvl aat Glas-Ve’.
  4. S-møna Koll: Møne-Koll som gaar upp som ein S fraa kaar Si’e.
  5. Rysse-Taarn: „russiske“ Taarn.
  6. tølot: narrvore, storvore.
  7. eka, hell akte, brukast um ein a’an: fløtja smaatt.