Skatval Herad i 25 år

Fra Wikikilden
Skatval Herad i 25 år

av Olav Røkke
Publisert som eget hefte i 1928. Offentlig dokument. Utvalgte tekster fra boken blir her gjort tilgjengelig:


Forord
[rediger]

I møte i Skatval heradsstyre 2. februar 1926 var m. a. vedteke: «Formannsskapet anmodes om på et senere møte å fremlegge forslag om hvad der fra herredsstyrets side skal foretas i anledning av at Skatval ved utløpet av inneværende år har vært egen kommune i 25 år.» Den 16 juli s. å. vart formannskapet samd um slikt framlegg: «Der utarbeides ved herredsstyrets foransaltning en kortfattet historisk oversikt som besørges trykt og utgitt i brosjyreform. Den skal inneholde et utdrag av de forberedelser som ligger til grunn for herredsdelingen i 1902, samt en kortfattet oversikt over utviklingen på de forskjellige områder innen kommunen i de forløpne 25 år.» – Framlegget var samrøystes vedteke av heradsstyre på møte den 30. juli s. å., og på møte 19 november vart det løyvt dei pengar som trongst til å gjeve ut boka. Ymse nemnder var vald til å samle inn stoff, og folkehøgskulelærar Olav Røkke tok på seg arbeidet med redaksjonen. Skatval ungdomslag hev lånt 4 klisjéar, som me takkar for. Det hadde vore gildt å havt mange fleire bilete, men ein torde ikkje taka for stort til heller.

Skatval herad
[rediger]

utgjer største delen av den halvøya som ligg millom Stjørdalsfjorden, Strindfjorden og Åsenfjorden. Det gamle namnet var Skatválir eller Skataválir. Siste delen av ordet er fleirtal av váll som truleg tyder jordstykke som er rudd med brenning. At fyrste delen av namnet er mannsnamnet Skate er mindre truleg. Det er heller ordet skat eller skate, som blir brukt um toppen av eit tre, altso det ytste av noko, spissen, enden. Namnet Skatval kan då tyde den rydningen som stikk fram, anten utav skogen eller noko liknande. Største lengda på heradet frå nord til sør er 11,5 km, og frå vest mot aust 18 km. Heile vidda er 97,9 km². Av det er 0,4 km² øyar (Saltøya og nokre holmar). Det er ikke mykje fjell, men mange åsar og berghamrar. Den søraustre delen av heradeter er ei fjellmark som ringar inne fjellbygda Langstein. I vestre kanten av denne fjellmarka ligg Fordbordsfjellet, 590 m høyt. Av andre fjelltoppar kan ein nemne Bjørkhaugen, Hammerbergkam, Lundkneppfjellet, Trongsteinklimpen, Holberga og Bukammen, Skordalsvola som ligg på grensa av Åsen er 510 meter høg. Det er mest lagdeilte bergslag, skifer, konglomerat og sandstein, men i Forbordsfjellet er det mykje saussuritgabro. Jordbotnen skifter difor med leirjord, sandjord og myr.

Kyrkja
[rediger]

Det går segner um at fyrste kyrkja på Skatvalsbygda stod på Hegge. Der var i den gamle heidne tida ein offerlund (horg) og gudehov. Då Heilag-olav kom dit, vart hovet anten nedrive eller umbygd til kyrkje.

Sidan (kring år 1100) vart det bygd 3 andre kyrkjor: Ei på Auran, ei på Fløan og ei i Forbord. Og Hegges-kyrkja kom då utav bruk. Alle desse kyrkjone var små. Me veit kor Flø-kyrkja var; for ho stod heilt til 1850-åra, og hadde då i lang tid vore brukt til kornlåve. Då Gerhard Schønning i 1774 fór gjennom bygda, skreiv han:

«Det seer ud som et andet almindeligt huus, er ei heller større; thi det holder kun 14 alne i længden og 7 1/2 alne i breeden. Man vil mene, at dette kun er choret [koret] af kirken, men det er vist nok den heelse kirke; dette seer man af bygningens indretning; bygningsmaaden viiser ogsaa, at den er meget gammel. Stokkene ere her ei fælde ind i hinanden paa den nu brugelige maade, men hugne om omtrent firekantede, og lagde aa hinanden, samt i hjørnene sammenbundne, ei ved de nu brugelige naave, men ved de saakaldte sinknaave, uden at enten mosse eller andet saadant har været lagt mellem naavene og stokkene. Til des mere størke ere store træenabber satte gjennem naave. Bygningen er ellers indrettet som en anden kirke her til lands, naar man undtager, at choret er, i en bygning, under eet tag, med kirken, skildt derfra alleene ved en tvær-veg eller tømring, af samme bygningsmaade, som føromtalte. Hovedindgangen, eller den store dør, har været paa den vestre gavel, og ei langt fra bemeldte gavel har paa den søndre side været en anden dør, omfattet som med en træe-ramme, der øverst gaaer sammen i en spidsig bue. Kirken selv har intet vindue havt, uden et lidetm øverst ved choret, høit op under taget, paa den søndre side. På samme siide har choret havt et større vindue ved den østre side af en her værende dør, men på den vestre et ditto meget lidet, spidst oven om. Da man for nogen tiid siden grov her i choret, fandt man der 2 liig-kister. Denne bygning er endnu temmelig i behold, skiøndt den vist nok 200 aar gammel, om ei meere, og har staaet uden al bordklædning. Dette viiser, at den har brugte bygningsmaade er fordeelagtig, og uden tvil, i visse henseender meere fordeelagtig, end den nu brugelige, især for et træe-huus, som staaer uden bordklædning; thi her kan, hverken i naavene, ei helelr i væggen, vandet blive staaende, hvilket derimod ofte sætter sig, i de runde stokkers rifter, og gjør at de let og hastig raadne.»

Denne skildringa av Flø-kyrkja er vist i store og heile rett. Ho var vel noko større enn der er nemnt. Skipet skal ha vore 18 alen langt og 10 alen breidt, og koret 6 alen langt. Gavlen millom skipet og koret var utskoren med bilete av skip og tårn, englar og andre figurar. Um det var den samme kyrkja som vart bygd på denne staden frå fyrst av, det veit me ikkje. Visst er det at liket av Heilag-Olav stod i Flø-kyrkja nokre vikor um våren 1564 då den svenske herføraren Claudius Gallus (Collart) førde det med seg frå Nidaros.

Kyrkjesalmeboka
[rediger]

I 1874 vart Hauges salmebok innført til kyrkjebruk i Skatval, som dermed kom til å få ei serstode i prestegjeldet i 53 år, med di dei andre sokna brukte Landstads salmebok. Det vart ofte tala og skrive um å bytte salmebok, og aller sterkast kom det fram i eit bladstykke i Stjørdalens Blad i april 1905, der det framhalde ikkje mindre enn 12 vektuge grunnar for å bytte um Hauges salmebok med Landstad salmebok. Men ved avrøystinga i kyrkja vart framlegget um salmebokbyte nedrøysta. Men i januar 1927 vart den reviderte Landstads salmebok innført til kyrkjebruk (med 145 røyster).

Misjonslag
[rediger]

Det fyrste misjonslaget i Stjørdalen og Skatval med vart skipa hjå Peder Larssen Holan den 9. april 1844. Til formann vart vald kapellan Fergstad pg varaformann Lars Larssem Holan. Peder Larssen Holan var kasserar. Det var for å stydje den ytre misjonsversemda at dette laget vart skipa. Det lever enno og hev kring 150 lagslemer. Iver Auran er no formann, John Nordlandstrø varaformann og Edvard Vinge kasserar.