Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
8

det, som nytt var, og Talemaaten: „Vi vita det vi hava men ikke det vi faa,“ den var meir en ein Talemaate for honom; den var hans heile Grunnsyn paa Livet, hans aandelege Organisme. Det kunde likso litet falla honom in f. Ex. at retta paa det eigenlege Princip i Civilprocessen som at vera Maalstrævare. Det var like logisk umogelege Ting dette.

Welhaven skal hava sagt, at det var at „spenna Araberen fyre Matkjerra“ at setja Schweigaard so in og up i alle desse Thing- og By- og Bank- og ellers alle praktiske Greider, som aat Mannen so reint up, at der etterat han kom in i desse ikke kunde vera Tale om Vitenskapen eller at fylgja med si Tid. Men om Welhaven, som var hans Jamgamling og Omgangsven i Studenteraara og hans Medkjempe i Striden mot den frambrytande Norskdom, om han, segje eg, maatte kjenna honom betre en vi, so synes likevel den heile store Schweigaardske Livsgjerning at motsegja Welhaven i dette Stykke. Havde han for det fyrste voret ein „Araber“ af Naturen, so hadde han ikke letet seg „fyrespenna“, og om han var kommen in i „Spannet“, so vilde han hava slitet det sunder, so Skoklar og Reimar hadde drust som rotne Bast. Det vilde hava voret, som daa Dalila batt Samson, for han miste Haaret sit.

Nei han som ikke af Armod var nøydd til at draga denne „Kjerra“, som eg trur Welhaven kallad endaa nokot ufinare en „Matkjerra“, han vilde ikke hava dregjet den, hadde det voret mot hans Natur og han hadde voret skapt til nokot større (ja „større“ er no ikke det rette Ordet, for denne Kjærredraatta er i sit Slags det største og fær idet-