Side:Tolstoi-boki.djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


»No, no, gamle bestemor,« sa Martin. »Sò tenkjer menneskja; men Gud tenkjer anleis. Skulde guten ha ris for det eplet, kva skulde so me ha for alle synderne vaare?«

Den gamle kona tagde.

Martin fortalde henne no liknelsen um herremannen som ettergav tenaren all hans skuld, medan tenaren gjekk av og mest vilde kverka ein av sine skuldmenner. Kona stod og høyrde paa; guten slikslag.

»Gud vil at me skal tilgi,« sa Martin tilsist, »og gjer me ikkje det, so vil han helder ikkje tilgi oss.«

Den gamle kona riste paa hovudet, og sukka. »Det er nok altfor sant,« sa ho. »Men desse fantegutarne hev vorte so uvyrdne at det er ei gru«.

»So maa me gamle sjaa aa visa dei paa rett veg,« svara Martin.

»Det same seier eg,« meinte kona. »Eg hev havt sju baan. No hev eg berre ei dotter att.«

So fortalde ho kvar ho og dotteri budde, og kor mange baanebaan ho hadde. Derpaa sa ho: »Det er smaatt med krefterne no. Men eg heng i so godt eg kan. Ein gjer seg so vondt av smaatyet. Det er slike gilde baanebaan eg hev. Ingen kan vera meir kjærlege og gode imot meg en dei. Den vesle Aksjutka heng no stødt etter meg: Bestemor, besta mi! seier ho.«

Den gamle kona hadde no vorte heilt mjuk um hjarta. »Nei vist var det ikkje anna en baane-