Side:Tolstoi-boki.djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

klædi sine paa veggen, og fann fram ei gamal ulltrøye som han gav kona.

»Tak denne,« sa han; »ho er vel ikkje stort tess; men ho er betre en inkje til aa tulla um baanet.«

Kona saag paa trøya, paa den gamle mannen, tok so mot trøya og sette i aa graate. Martin snudde seg og la seg paa kne ved sengi og drog fram ei gamal kasse som han rota litt i. So sette han seg burt til kona. »Gud velsigne deg, gamle bestefar,« sa ho. »Det er Vaarherre sjølv som hev sent meg hit til glaset ditt; heldest hadde baanet frose ihel for meg. Det var mildt i veret daa eg gjekk ut i dagtidleg, og so skulde denne kulden koma. Eg maa takke Gud for at du nett skulde sjaa utgjenom glaset med’ eg stod der, og for at du tok deg av meg arme stakkaren.«

Martin smilte. »Du kan so seia,« sa han. »Det er ikkje for ingenting at eg sit og ser utgjenom glaset« So fortalde han kona um draumen sin, og kor han hadde høyrt eit maal som sa at Vaarherre og frelsar idag vilde koma og vitja han.

»Det kan misann godt vera,« sa kona, som no hadde reist seg og stod tulla det vesle baanet inn i trøya med’ ho paa nytt lag gav seg til aa takka og vælsigna Martin for hjelpi. »Tak dette i Jesu namn,« sa Martin, og gav henne ein tjugekopek. Det er til aa løysa att plagget ditt med.«