Side:Tolstoi-boki.djvu/241

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

det vera. Men eg vilde ha det anleis. Og so vart det trætte. Synd paa synd.

Paa denne maaten vart det ikkje til anna en sorg og synd med altihop, og me visste ikkje av lukke aa seia.»

«Men no daa?»

«No stend eg upp ilag med mannen min. Me er altid vener og væl forlikte, for me hev ikkje noko me kan verta usamde um.

Det einaste me hev aa tenkja paa er aa gjera husbonden vaar tillags. Me arbeider og strævar so godt me kan, for at han ikkje skal ha noko tap for vaar skuld. Naar me kjem heim or marki stend matmaalet ferdigt og bidar paa oss, og kanskje ein dram attaat. Er det kaldt i veret so er det ein dugeleg varme paa gruva, og skal me ut, so fær me ein drusteleg sauskinspels paa oss.

No hev me stunder til aa tala med kvarandre, og tenkja paa Gud og sjæli vaar. I femti aar hev me leitt etter lukka, og ikkje funne ho fyrr no.»

Alle gjesterne so mange der var, sette i aa læ.

Men Ilias sa:

«De skulde kje læ, brørne mine. Kona mi hev rett. Slik er mannalivet. Me var nokre store faamingar som grèt for at me misste rikdomen vaar.

No hev Gud late upp augo vaare, so me ser. De maa ikkje tru det er for vaar eigi skuld me