Side:Tolstoi-boki.djvu/200

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

eine handi, og hamra paa dei frosne smaasteinarne med stokken som han bar i den andre handi, og prata med seg sjølv soleis:

— Eg er no varm utan pels. Eg fekk meg ein peil, og det hitar i heile kroppen so det er hugnad. Paa den maaten hjelper ein seg utan pels. Eg gjeng min gang, og læt fem vera jamt. Slik ein kropp er eg! Kvi skulde eg ta meg nær av det? Eg skal nok greia meg utan pels. Um eg so aldri fær pels, kan det vera slikt slag. Det er berre det ved det, at kona vil gaa hanga med nebben no att. Ei skam er det og, naar ein rett tenkjer seg um. Der hev ein gjenge og arbeidt aat han, og so held han meg vekk med snakk. Men vent du berre! Fær eg ikkje pengarne, so tek eg huva di i pant, ja min sant gjer eg so! Hev ein set maken? Vise meg av med tjuge kopek! Kvart kjem ein med tjuge kopek? Det er daa berre til aa drikka upp, ikkje meir. Det knip for han med aa slaa seg igjenom, seier han. Men knip det for han, so knip det vel likso hardt for meg. Han hev baade hus og jord og fe og alt, han; men eg hev ikkje anna det eg gjeng og stend i. Han kan baka braud av sitt eiget mjøl, men eg maa kjøpa det eg brukar; og kvar eg so tek pengarne, maa eg ut med tri rublar for vika berre til braud. Naar eg no kjem heim bid det ikkje saad i hus. So maa eg ut med halvannan rubel. So eg hev nok orsak til aa be um aa faa det eg hev til gode.