Side:Tolstoi-boki.djvu/198

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
I.

Det var eingong ein skomakar som hadde leigt seg inn hjaa ein bonde ut paa landet. Sjølv hadde han korkje hus elder jord, men daa han sat med kone og baan, maatte han sjaa slaa seg igjenom so godt han kunne med handtverket sitt. Føda var dyr det aaret, og arbeidet vart kleint lønt, so det vesle han tente gjekk med etterkvart. Skomakaren og kona hans hadde berre ein pels som dei brukte skiftevis, og han var tilmed so sliten at fillorne slang, so skomakaren no i halvtanna aar hadde vore paa veg til aa kjøpa skinn til ny pels.

Ut paa hausten hadde han fenge skrapa saman nokre skilling: tri rublar laag gjøymde hjaa kona i dragkista, og sjølv hadde han fem rublar og tjuge kopek til gode hjaa bønderne i landsbyen.

So tenkte han med seg ein morgon, at no skulde han daa gaa til landsbyen og sjaa faa kjøpt skinn til ein pels. Etter morgonmaten tok han paa seg kufta til kona, tok ei vadmelskaape utanpaa, stakk tri rublar i lumma, reiv ein staur utor gjerdet til stav, og rusla so iveg, med’ han tenkte: