Side:Tolstoi-boki.djvu/180

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


hadde laga meg ei regtigt god lykkje, skulde eg kravla uppaa bjelken, smetta hovudet inn i lykkja, og — godnatt! Soleis er det liv eg liver.

Marina. Vaarheirre hjelpe deg — kva er no slikt for snakk?!

Nikita. Du trur eg gjøner? Du trur, eg er full? Men eg er ikkje full. I den siste tid kan eg ikkje verta full desmeir. Det er sorgi, sorgi som fortærer meg. Ho hev teke so paa meg, at eg hev vorte lei og kjei av livet. Aa, kjære Marina, den einaste tid eg kan seia eg hev livt, det var den gongen saman med deg, der ved jarnvegen. Minnest du dei ljose næterne?...

Marina. Riv ikkje uppatt det gamle saaret, Nikita. Eg er gift og du med. Mi synd er meg tilgivi, og lat oss so ikkje røra meir ved det.

Nikita. Kva skal eg hugga mitt hjarta med? Kvar skal eg gjera av meg?

Marina. Kva du skal gjera? Du hev daa ei kone; so traa daa ikkje etter andre sine, men pass paa den du hev. Hev du eingong skjenkt Anisja ditt hjarta, so lat henne ha det.

Nikita. Aa, denne Anisja... ho er meg so beisk som malurt. Ho hev spunne meg inn som ei kongrov i garnet sitt.

Marina. Ja kor ho no er, so er ho daa kona di... Men kva er dette aa røe um! Gakk du helder inn til gjesterne dine og send mannen min her ut.