Side:Tolstoi-boki.djvu/137

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

men det er ljosare, og paa blaa grunn. Nei so fint!

Nikita. Ja det skulde eg tru.

Anisja (hev vore inni kammerset etter ein duk; kjem burt til bordet). No, kva er det de der hev rota fram?

Nikita. Sjaa no rett paa det

Anisja. Kva er det aa sjaa! Hev eg ikkje set slikt fyrr? (til Akulina). Sjaa til du kan faa det vekk. (riv plagget nedpaa golvet).

Akulina. Kva er det du ruskar med? Rusk du med ditt eiget! (luter seg og tek plagget uppatt).

Nikita. Anisja! Sjaa her.

Anisja. Kva daa?

Nikita. Trur du eg hev gløymt deg? Sjaa her! (viser henne ein pakke og set seg nedpaa han). Det er noko til deg. Men lat no fyrst sjaa um du er verd det. No, kjering? Kvar sit eg?

Anisja. Eg veit kje kva du gjer deg til etter. Eg er slett ikkje rædd deg. Kven eig pengarne du svirer for og kjøper gaavor for til den fleskepurka du dreg umkring med? Eg.

Akulina. Jau, eg skal gi deg! So det er dine! Du vilde nok gjerne ha stole dei; men det gjekk ikkje. Sjaa du pakkar deg! (gjeng langsmed og skubbar til henne).

Anisja. Aa du skubbar! Men eg skal nok skubba istaden!

Akulina. Ja kom berre, um du torer! (gjeng paa henne).