daa flaadt heilt av kroppen paa meg, so laaner
du meg av pengarne til Anisja. Er eg derimot
ei fatig lus som ikkje hev noko aa eta, so fær
bjølla ein annan laat. Du ser at der er ikkje
noko aa fiska og seier: «Nei, gode ven, gakk
du med Gud!» kjem der so ein annan som det
er betre utsyn med, so gjev du han; og paa den
maaten set du burt baade dine eigne pengar og
Anisja sine, og flaar baade han og alle andre
so godt du kan. Her hev du kva dei kallar
bank. Paa den maaten gjeng det heile av seg
sjølv. Jau, det er fint utrekna, kan du tru!
Akim (harm). Men kva er daa dette for noko? Det er daa beintfram snyting. Bønder kan nok gjera slikt noko — reine bønder. Men dei held det daa for synd, kor galne dei kan vera. Er det kanskje etter lov og rett? Nei det er ikkje etter lov og rett; det er farkestell er det. Kor kan daa uplærde folk.....
Mitritsch. Jau, far, det er just vatn paa kverni deira. Du skynar. Einkvar faamingen, elder eit kvinfolk, som ikkje sjølv kan setja pengarne i drift, dei set dei i banken, og dei kararne — giv dei maa faa ein agurk paa tvert i halsen! — dei stikk dei i lumma og flær skjorta av andre folk med dei. Jau du kan tru det er fint utrekna!
Akim (sukkar). Ja ja! Det er som dei seier pengar gjer sorger, anten ein hev dei elder ein ikkje hev dei; men etter mitt skyn er det daa betre aa ha forlite av dei en for mykje. Som no