Hopp til innhold

Side:Tolstoi-boki.djvu/109

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Peter (græt). Tilgiv meg i Jesu namn!

Nikita (kløkkt). Det er Gud du skal be um tilgiving, og ikkje meg. Eg hev daa vist ingen ting aa klaga over. Du hev aldri gjort meg noko vondt. Tilgiv du helder meg, for hev nokon synd paa seg her, so er det nok eg.

Peter (græt og starvar seg inn i huset; Matrøna styd han).

Anisja (avsides). Aa mit arme menneskje! Det er ikkje for ingen ting han so daatt hev vorte so fredeleg. Der stikk nok eitslag under. (Høgt). Nikita! Du sa at pengarne ligg gjøymde under golvet; men dei er der ikkje.

Nikita (utan aa snu seg; med graatmaal). Aldri hev han gjort meg anna en godt; men kor er det eg hev bore meg aat mot honom.

Anisja. Lat no det vera godt; men kvar er pengarne?

Nikita (kvast). Veit eg det? Leit sjølv!

Anisja. Det er svært kor braadt du hev vorte mjuk um hjarta.

Nikita. Aa, eg hev so vondt av han... og so som han gret... aa!

Anisja. Nei høyr! Det var daa og ein aa gjera seg vondt av. Han hev hundsa deg fraa morgon til kveld, og sa tilmed i denne dag at eg skulde jaga deg fraa garden. Det var daa betre du totte synd um meg.

Nikita. Um deg? Kva stend det paa deg?

Anisja. Han gjøymer pengarne. Og naar han no døyr, so...