Side:Tolstoi-boki.djvu/107

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

dei skulde vera i det vesle kammerset... han var der igaar.

Matrøna. Sjaa for Guds skuld væl etter. Du skal sjaa han liver ikkje natti over. Han hev alt sine dødsmerkje. Neglerne er plent blaa, og han er graa i anlitet som oske. — Kokar teen?

Anisja. Ja.

Nikita (kjem fraa den sida der Peter sit; gaar han ikkje men gjeng beint til moderi). Godag, mor. Kor stend det til heime?

Matrøna. Jau, Gudskje takk! me liver daa enno, alt med’ me hev noko aa putta i munnen.

Nikita (til Anisja). Kor stend det til med husbond?

Matrøna. Tyss! der sit han (peikar).

Nikita. Ja kva so? Lat han berre sitja.

Peter (opnar augo; med veikt maal). Nikita! Nikita! kom hit til meg.

(Nikita gjeng burt til han. Anisja og Matrøna stikk hovudet saman og kviskrar).

Peter. Kvi kjem du so tidleg att?

Nikita. Eg vart ferdig med plognaden.

Peter. Hev du pløgt det stykket ved brui med?

Nikita. Nei det var so langt aa kjøyra

Peter. Langt? Men det er daa endaa lenger aa kjøyra dit herifraa, veit eg. Kunne du kje ha pløgt det stykket med’ du var der burte? So hadde det vorte fraaseggjort eingong.

Matrøna. Kva er det, sonen min, kan du