Hopp til innhold

Side:Symra (1863).djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


 5. Av Hav kom Sjomann sigande
og lengtad’ etter Land,
daa saag han Fjelli stigande
og kjendest ved si Strand.
Daa kom det Mod i Gutarne,
som saag sin Fødestad.
Ja dei gode gamle Nutarne
dei gjera Hugen glad.

4. Heimvegen.

 1. I Heimen der hyggjer seg Barnet best,
til Heimen vil Ungdomen stunda,
og Mannen, som sviver i Aust og Vest,
vil helder paa Heimferdi skunda.
Um Landet var bratt,
og steinutt og svadt
og Mødor i Vegen var manga,
paa Heimvegen gjekk det daa helder radt,
og Milerna vardt inkje langa.

 2. Mauren kryp aldri so vidt i Kring
han leitar ei uppatter Tuva,
og Mannen løyp inkje so lang ein Sving,
han lengtar ei heim til si Gruva.