Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/64

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
56


men støtt o stendigt laago dei i Trætte mæ inan; dei vøro no alti nokolite ve se, maa veta, o Rikdom gjev Mo, o sa ha dæ no mæ rae vøre soleise ifraa Adels Ti, at slekt Høkle alder era go fere vera einse o væl førlikte. Dæ æ, so dei segja før eit gamalt Ord, at dæ rymmist kji tvo Høghera i ei Hit. Noko maa dei ha o vri paa o kjaftast um; dei trevist inkji arleise, ser du.

Desse tvu Riddaradn prøvde o gjera dæ so meinint før inan, so dei væl kunna, baade aapenskaarle o i Dulsmaate; o Nætadn drogo dei se kringo Husveggjidn aat inan so løynske Hunda. Difere laut dei pytte atte inkji berre Døradn, men dei reiste ogso engon Tingen attfere Glasgluggo. Der paa Leirol ska dæ finnast atte eit omogele stort Bord, so Leirolsriddaren hadde te seta attfør Glashølo; dæ ska vera slegji fullt mæ Spikarhuvu allestane, men dæ ter enno djupe Hogg i di ette Halvtydnun aat Syndrolsriddare.

Daa dena Ofre’n hadde stande paa i langsammele Ti, raakte dei te møtast ne’paa eit Svaberg nie Synshaga der paa Syndrol. Daa vøro dei kji Kar før aga se, anna dæ bar ihop mæ dei o te hoggast o stingast, so best dei kunna. Sinne fer kji, segja dei gamble; men dei saago daa so mykji lell, atte dei fingo dæ, dei gjingo ette; dei laago atte paa Stae baae tvo; difør kallast dæ vesle Svaberge den Dag i Dag Riddarsvae.



Svartedauin.


Mest kort einaste Liv, so fannst o va her i øvre Valdris, døydde burt, den Ti den, Farangen gjekk, so dei