Side:Salmar og aandelege songar.djvu/43

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Snart denne tid til enden naar,
Daa held Guds kyrkja jubelaar.
Av naade, Herre, daa oss giv
Med alt Guds folk eit evigt liv!

Etter E. Evers (f. 185.., svensk prest.
2. sundag i advent.
Tone: O store Konge, Davids søn.

Eg lyfter upp til Gud min song,
Enno ein gong
Fraa desse jordlivs dalar.
Vaar Herre Krist han hentar meg
Snart heim til seg
I høge himmelsalar.
Lik ljonet bjart
Han kjem att snart,
Daa Herrens pris
Paa onnor vis
Guds lange-lurar talar.

Naar mi utløysning stundar til,
Eg lyfta vil
Mitt hovud upp med gleda,
Daa vert eg løyst, daa gjeng eg inn
Til venen min,
Daa fær eg lovsong kveda.
Or grav stig braatt
Det som var saatt