Side:Rikets tilstand 04.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Melding frå Kongen til Stortinget
om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Vi HARALD, Noregs Konge

stadfester:

I samsvar med Gr unnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Kampen mot internasjonal terrorisme har vore ei hovudsak også i 2004. Regjeringa har i dette arbeidet lagt vekt på ei brei tilnærming med bruk av politiske, økonomiske, juridiske og militære verkemiddel. Regjeringa har også vore oppteken av at ein må rette søkjelyset mot forhold som skaper grobotn for terrorisme, og at ein i kampen mot terror må tryggje omsynet til menneskerettane.

Regjeringa har arbeidd for at NATO skal spele ei viktig rolle i kampen mot internasjonal terrorisme og for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen. NATO-toppmøtet i Istanbul stadfestar at tryggingsutfordringane og kampen mot terrorisme framleis vil prege den vidare utviklinga i alliansen. NATO har som hovudprioritet å oppnå stabilitet i Afghanistan, ei målsetjing som også vil være viktig for tiltrua til alliansen framover. Noregs medlemskap i NATO vil framleis stå sentralt når det gjeld å ta hand om dei tryggings- og forsvarspolitiske interessene våre.

Regjeringa har gitt utviklingssamarbeidet høg prioritet i tråd med handlingsplanen for kampen mot fattigdom i sør. I 2004 er bistanden fastsett til 0,94 pst. av forventa nasjonalinntekt. Bistanden til utdanning, helse og hiv/aids har fått særleg prioritet. Regjeringa la i april fram ei stortingsmelding om utviklingspolitikken. Det er vidare lagt fram ein handlingsplan for landbruk i utviklingspolitikken og ein oppdatert og utvida handlingsplan om gjeldslette. Organiseringa av norsk utviklingssamarbeid er modernisert og effektivisert, og ein ny for valtningsmodell er innført frå 1. april i år.

Regjeringa har ført ein aktiv europapolitikk for å ta hand om norske interesser. Både EU og EØS-området vart utvida frå 1. mai 2004. Noreg har forplikta seg til å støtte dei minst velståande EU-landa med om lag to milliardar kroner årleg fram til 2009 og dermed bidra til økonomisk utvikling og rask integrering av dei nye medlemslanda. Regjeringa har også lagt vekt på å styrkje det politiske og økonomiske hopehavet mellom dei nye medlemslanda og Noreg.

Våren 2004 vedtok Tryggingsrådet i FN resolusjon 1546 som stadfestar at den amerikanskleidde okkupasjonen er slutt og at det skal gjenopprettast full suverenitet for Irak. Landet skal no etter planen gå igjennom ein prosess som skal ende med at demokratiske styringsorgan er på plass i løpet av 2005. Frå norsk side er det lagt stor vekt på den sentrale rolla FN skal spele i denne prosessen. Noreg har kanalisert bistanden til gjenoppbygging gjennom multilaterale fond som blir styrte av FN og Verdsbanken. I tillegg har Noreg gitt humanitær bistand gjennom FN, Raudekross-systemet og norske humanitære organisasjonar. Det norske ingeniørkompaniet i den inter nasjonale stabiliseringsstyrken i Irak avslutta oppdraget sitt som planlagt sommaren 2004. Noreg følgjer opp vedtaket i NATO om å støtte trening av irakiske tryggingsstyrkar i og utanfor Irak.

Regjeringa har lagt stor vekt på å bidra aktivt til ulike internasjonale krisehandteringsoperasjonar. Det er bakgrunnen for vedtaket om å auke den norske innsatsen i Afghanistan, mellom anna ved å