Det er derfor eit mål å redusere fangstpresset slik at fiskebestandane kan vekse. Bestanden av sei nord for 62° N, lodde i Barentshavet, norsk vårgytande sild og nordsjøsild er derimot i god forfatning. Makrellbestanden er i god vekst som følgje av felles forvaltningsstrategi mellom Noreg, EU og Færøyane. Situasjonen for kolmulebestanden er derimot usikker. Arbeidet med å etablere eit kyststatregime for forvaltninga av kolmule er ikkje sluttført.
I Nordsjøen er situasjonen for bestandane av botnfisk alvorleg, særleg for torsk. Noreg og EU har redusert totalkvotane for 2002. I tillegg har partane halde fram arbeidet med å betre fangstmønsteret i Nordsjøen. Bestanden av sei i Nordsjøen er derimot god.
Overfor Kommisjonen for levande marine ressursar i Antarktis har Noreg fått gjennomslag for eit framlegg om å innføre svartelisting som eit tiltak mot ulovleg og ukontrollert fiske i internasjonalt farvatn.
Fiskeridepartementet arbeider med å følgje opp kontrolltiltak i fiskerinæringa med sikte på å betre ressurskontrollen og forvaltninga av dei levande marine ressursane.
Arbeidet med å betre driftsvilkåra for fiskeflåten har halde fram mellom anna ved å tilpasse kapasiteten til fiskeflåten til ressursgrunnlaget for med det å betre lønnsemda for fartøya og leggje grunnlaget for fornying. Ordninga med einingskvotar er innført for nesten alle grupper innanfor havfiskeflåten. No pågår arbeidet med å innføre gode drifts- og strukturordningar innanfor kystflåten.
Utvalet som har vurdert spørsmål rundt eigarskapen i fiskeflåten, la fram innstillinga si i juni.
Kystdirektoratet er flytta frå Oslo til Ålesund frå 1. januar 2002. Frå same dato vart det etablert ei produksjonseining ved distriktskontoret i Kabelvåg.
Arbeids- og administrasjonsministeren heldt i januar ei utgreiing for Stortinget om arbeidet med brukarretting, modernisering, effektivisering og forenkling som Regjeringa held på med. Desentralisering og delegering vart framheva som dei viktigaste verkemidla for å nå målsetjinga.
Stortinget drøfta i mai stortingsmeldinga om helse, miljø og tryggleik i petroleumsverksemda.
På bakgrunn av ein odelstingsproposisjon som vart fremja i desember, har Stortinget vedteke ny lov om brann- og eksplosjonsvern. Lova, som tok til å gjelde i juli, samlar tre lover til éi og reduserer talet på forskrifter.
Nytt helse-, miljø- og tryggleiksregelverk på sokkelen vart sett i verk 1. januar 2002. Det nye regelverket er forenkla ved at 14 forskrifter for verksemda er redusert til 5.
Regjeringa har byrja å gå igjennom forskriftsverket på HMS-området med utgangspunkt i næringslivet som målgruppe.
Stortinget har på bakgrunn av ein odelstingsproposisjon som vart lagd fram i juni, vedteke endringar i føresegnene i arbeidsmiljølova om overtid og samstundes fjerna stillingsvernet for toppleiarar som har etterlønnsavtale.
Ved avslutninga av prosjektet «Kvinne, kvalitet og kompetanse i staten» hadde det lykkast å auke prosentdelen av kvinner i leiarstillingar i staten frå 22 pst. i 1997 til 28 pst. i 2002. Regjeringa har sett eit nytt måltal til minst 40 pst. representasjon av begge kjønn innan 1. januar 2006. Det er fastsett prosedyrekrav for rekruttering til statlege toppleiarstillingar.
Regjeringa har vedteke ein konkurransepolitisk handlingsplan. Konkurransestyresmaktene skal styrkast. Offentlege reguleringar skal gjennomgåast og offentlege innkjøp, sal av statsselskap og organisering og drift av offentleg verksemd skal innrettast slik at konkurransen blir stimulert.
Nye og enklare reglar for utrekning av ytingar under medisinsk rehabilitering og yrkesretta attføring tok til å gjelde 1. januar 2002.
I lønnsoppgjeret for 2002 vart det avtalt forbundsvise eller sentrale tillegg i dei fleste av dei store avtaleområda. I dei områda der avtalene gjev tilgang til lokale forhandlingar, er slike forhandlingar gjennomførte på vanleg måte.
Det er frå 1. juli inngått nye avtaler om basistilskott og takstar for privatpraktiserande legar, fysioterapeutar og psykologer.