Side:Rikets tilstand 01.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ein gjenopptakingskommisjon, som skal avgjere om ein skal tillate gjenopptaking av ei straffesak. Vidare er det gjennomført lovendringar og andre tiltak for å styrkje rettane til dei varetektsfengsla på område som har vore kritiserte av Torturovervakingskomiteen. Det er sett ned eit utval som skal gjennomgå konkurranseforholda blant advokatar og rettshjelparar med det siktemål å gjere juridiske tenester rimelegare og lettare tilgjengelege for folk flest.

Etter framlegg frå Regjeringa er det vedteke lovendringar som inneber ei klargjering og skjerping av det eksisterande forbodet mot våpen på offentleg stad.

Det er lagt fram og vedteke lovendringar som gjer at nye reglar om særreaksjonar overfor farlege tilreknelege og utilreknelege lovbrytarar kan tre i kraft frå 1. januar 2002.

I samband med erstatningsoppgjeret til norske statsborgarar som sat i japansk fangenskap under den andre verdskrigen, er det hittil løyvd 35 millionar kroner til erstatningsutbetalingar.

Regjeringa har lagt fram stortingsmelding om redningshelikoptertenesta.

Arbeidet med å følgje opp innstillinga frå Sårbarhetsutvalget er godt i gang.

Konsultasjonar mellom kommunesektoren og staten om det økonomiske opplegget for kommunesektoren er innført som ei permanent ordning.

Endringar i inntektssystemet er behandla av Stortinget våren 2001 og blir sette i verk i perioden 2002–2006.

Nye økonomiføresegner for kommunesektoren tok til å gjelde frå 1. januar 2001. Under dette er KOSTRA innført som obligatorisk rapporteringssystem for rapportering frå kommunesektoren til staten.

Ny lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser er vedteken av Stortinget våren 2001 og tek til å gjelde frå 1. januar 2002.

Vallovutvalet har lagt fram forslag til ny vallovgjeving.

I stortingsproposisjonen om lokaldemokrati, velferd og økonomi i kommunesektoren 2002 vart det fremja ei rad framlegg om redusert detaljstyring av kommunesektoren.

Regjeringa har føgd opp tiltaka som vart varsla i En solidarisk boligpolitikk – Veier mot målet, som vart lagd fram i juli 2000.

Det er sett i verk tiltak for å få ei enklare og raskare behandling av byggjesaker, m.a. gjennom enklare dokumentasjon av byggjesaker og at prosjektet Byggsøk, som legg til rette for elektronisk behandling av plan- og byggjesaker, er sett i verk.

Ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken er lagd fram. Sterke arbeidsmarknads-, bu- og serviceområde og ei eiga satsing på småsamfunna står sentralt i den nye distrikts- og regionalpolitikken.

Regjeringa har vedteke retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og tenesteproduksjon. Eit viktig prinsipp er at etablering av nye statlege arbeidsplassar skal lokaliserast utanfor Oslo. Unntak frå dette prinsippet skal grunngjevast særskilt.

Det er sett i gang ei utgreiing om dei samla effektane sektorpolitikken har på regional utvikling. Formålet er å styrkje samordninga av distrikts- og regionalpolitikken.

Regjeringa la sist desember fram ei stortingsmelding om nasjonale minoritetar i Noreg – om statleg politikk overfor jødar, kvenar, rom, romanifolket og skogfinnar.

Regjeringa la i august fram ei ny prinsippmelding om samepolitikken.

Den 1. januar 2001 vart ansvaret for å behandle klager i asyl- og andre utlendingssaker overført frå Justisdepartementet til den nye uavhengige Utlendingsnemnda. Formålet var å styrkje rettstryggleiken til søkjarane og ta einskildsaker ut av departementet. På same tid vart ansvaret for utlendings- og statsborgarlova overført frå Justisdepartementet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Mellom anna på grunn av stor tilstrøyming av asylsøkjarar er saksbehandlingstida i asyl- og andre utlendingssaker vorten for lang. Regjeringa har på bakgrunn av det sett i verk fleire tiltak for å betre situasjonen.