Side:Nye testamente (1889).djvu/48

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


men Innsida er full av Røvarskap og Ageløysa.
26 Du blinde Farisæar! reinska fyrst det, som er inn i Skaali og Fatet, so at og det, som er utanpaa, kann verta reint.
27 Usæle de, Skriftlærde og Farisæarar, at de ero likasom kalkslegne Graver, som utantil synast fagre, men innantil ero fulle av Dauding-Bein og all Ureinsla!
28 Soleides synast og de utantil rettferdige fyre Menneskjom; men innantil ero de fulle av Skrymt og Urett.
29 Usæle de, Skriftlærde og Farisæarar, de Skrymtarar, at de byggja Graverna til Profetarne og pryda Gravstaderne til dei Rettferdige
30 og segja: Hadde me voret til i vaare Fedra-Dagar, so skulde me ikkje voret medskyldige med deim i Blodet av Profetom.
31 Og soleides vitna de um dykker sjølve, at de ero Søner av deim, som slog Profetarne i Hel.
32 Og fylla de dykkar Fedra-Maal!
33 De Ødlor og Ormeungar, korleides fly de undan Helvitis Dom?
34 Difyre sjaa, eg sender til dykker Profetar og Vismenner og Skriftlærde, og sume av deim vilja de slaa i Hel og krossfesta, og sume av deim vilja de hudflengja i Stemnestovom dykkar og forfylgja ifraa By til By,
35 so det kann koma yver dytter all det rettferdige Blod, som er utheldt paa Jordi, like fraa den rettferdige Abels Blod til Sakarias Barakias Sons Blod, han, som de drap imillom Templet og Altaret.
36 Sannelege segjer eg dykker, det skal altsaman koma yver denne Ætti.
37 Jerusalem, Jerusalem, du som sler Profetarne i Hel og steinar deim, som ero sende til deg! kor ofta vilde eg ikkje samla Borni dine saman, likasom ei Høna samlar Kjuklingarne sine under Vengjerne! og de vilde ikkje.
38 Sjaa, Huset dykkar skal verta standande audt etter dykker.
39 For eg segjer dykker: Heretter skulo de ikkje sjaa meg, fyrr enn de segja: Velsignad den, som kjem i Herrens Namn."

24de Kapitlet.


1 Og daa Jesus kom ut, gjekk han ifraa Templet, og Læresveinarne hans kom og vilde fyna honom Tempel-Bygningarne.
2 Men Jesus sagde til deim : „Sjaa de ikkje all dette? Sannelege segjer eg dykker: Her skal ikkje verta atterliggjande Stein paa Stein, som ikkje skal verta nedriven."
3 Men daa han sat paa Oljeberget, kom Læresveinarne til honom i Einrom og sagde: „Seg oss: Naar skal dette henda? og