Side:Nye testamente (1889).djvu/115

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest
Evangeliet etter Lukas.
1ſte Kapitlet.

 

E

tterdi mange hava teket ſeg til aa ſetja upp ei Forteljing um dei Ting, ſom ero fullførde millom oſs,

2 ſo ſom dei hava ſagt oſs fyre, ſom fraa Upphavet var Augvitne og Tenarar i Ordet,
3 ſo tykte eg og, det var godt, etter at eg hadde ranſakat allting vel ifraa det fyrſte, aa ſkriva til deg i Samanheng, gjævaſte Teofilus,
4 ſo du kann vita Visſa um den Lærdomen, ſom du er upplærd i.
5 I dei Dagar, daa Herodes var Konge i Judæa, var der ein Preſt med Namnet Sakarias, av Abias Skifte, og Kona hans var af Arons Døtter, og Namnet hennar var Eliſabet.
6 Men dei var rettferdige fyre Gud baade tvo og vandrade ulaſtande etter alle Herrens Bod og Fyreſegner.
7 Og dei hadde ikkje Barn, avdi Eliſabet var ufør til Barneign; og dei var baade tvo komne ut i Alderen.
8 Men det hende ſeg, daa han gjorde ſi Preſteteneſta fyre Gud, daa Radi var komi til hans Skifte,
9 ſo fall det paa honom, etter Sedvanen med Preſteteneſta, aa ganga inn i Herrens Tempel og ofra Røykjelſe,
10 og heile Folkemengdi ſtod utanfyre og bad i Røykoffertimen.
11 Men Herrens Engel ſynte ſeg fyre honom og ſtod ved høgre Sida av Røytofferaltaret.
12 Og daa Sakarias ſaag honom, vart han forfærd, og det kom Ræddhug paa honom.
13 Men Engelen ſagde til honom: „Ver ikkje rædd, Sakarias; for Bøni di er høyrd, og Eliſabet, Kona di, ſkal føda deg ein Son, og du ſkal kalla hans Namn Johannes.
14 Og du ſkal hava Gleda og Fagnad av honom, og mange ſkulo fegnaſt ved hans Føding:
15 for han ſkal vera ſtor fyre Herren, og han ſkal ikkje drikka Vin elder ſterk Drykk, og han ſkal alt fraa Moders Liv vera fyllt med den Heilage Ande.
16 Og han ſkal umvenda mange av Israels Born til Herren, deira Gud.
17 Og han ſkal ganga fram fyre honom i Elias’ Ande og Kraft, til aa venda Fedra-Hjarto til Borni og dei Ulyduge til den Visdom, ſom ſømer dei Rettferdige, til aa ſkipa Herren eit velſkikkat Folk.“
18 Og Sakarias ſagde til Engelen: „Kvat ſkal eg kjenna