Side:Norsk mållære.djvu/34

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Merkn. 3. Til deim, som har a i tingmåten kunde au dei de-orð og te-orð verte meðrekna, som i brigdingjen høyre til same slagje som telje og dølje, (§ 82, 2). Dette tykkjes do ikkje å vera nauðtorvelegt.

  1. Storslumpen av verkeorðom har e i tingmåten, nemleg alle dei, som ikkje er undantekne i § 83, 1 og 2.

Merkn. 1. Næmare påpeika er de: 1, dei, som har minst tvo meðlyða millom rotsjølvlyðen og endebrigde. 2, dei som har: i, u, y, (§ 83,2 mk. 2) æ, ø, au, ei, øy i roten, 3, dei, som har: a, e, o, men ein lang uttale av deim, t. d. ane, hele (ɔ: rimfryse), ose.

Merkn. 2. Norðanfjellingane kan merkje seg: I dei orðom, der endebrigde i dagleg tale ikkje vert uttalt, skal e skrivas, undtakand i dei i § 83, 1 nemnte, t. d. Eg laut mesta skrik’ (skriv: skrike).

Merkn. 3. Ein liten deil av lande, nemleg frå Lister til Sogn, har a til endebrigde i alle verkeorðom. (§ 51 merkn. 2).

§ 84.
Forteljemåten i notiðen. (§ 82).
  1. A-orða har som regel brigde e i båðe talom.

Merkn. Den r, som er set etter i klemmo, har hittil oftast vorte skreve, men berre i eintal.

  1. Te-orða og de-orða har au som regel brigde e i båðe talom, undtakand dei, som ende på rotsjølvlyðen i tingmåten. Desse siðste har jamnast r i eintal, og dei andre har de au some staðs i lande.

Merkn. 1. Ændå slike som : tru, flå, spå, har eit drag mot hovuðregelen, so at mange målføre norðanfjels og jamvel i Kristianssands bispedøme sløyfe ren og segje: Eg tru.

Merkn. 2. Dei orða, som vert brigde som telje og dølje, gjer au somstaðs eit undantak ifrå hovuðregelen, so at eintal ikkje får noko brigde; fleirtal er i desse målførom lik tingmåten,

  1. Lyðsprangorða har som regel ikkje noko endebrigde. Oftast har dei same sjølvlyð som i tingmåten, men somtið har dei ein annan.

Merkn. Nokre fåe har fåt ei ny form, som ende på r i båðe talom, t. d. står, går, får istaðen for: stend, gjeng, fæ (r). Den nye forma er no mest i bruk.