Side:Martyra.djvu/83

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

fortelje ho grunnane for sin handlemaate, so ho iminste skulde sleppe tru vondt om han. Endaa ein gong maatte han faa skoe in i henna djupe drøymande augo aa suge styrke i si hugløyse, endaa ein gong høyre henna varme røst aa kjenne henna famntak. — »Om eg so maa døy tusen gonge maa eg sjaa ho att«, sa han.

Han kom seg til Dublin. Ein heil maane laag han gjøymd hjaa ei ung trufast jente. Namne er kje gløymt; Anne Devlin heitte ho. Politie va etter ho gong paa gong, stak ho i kjøte med kniva aa misfor ho paa mange maata. Men ikkje eit or fek dei av ho om Emmet. Men dei fann han daa teslut, skaut ei kule i aksla hans, so han ikkje skulde vere go for aa flygte. Majoren som skaut, lest ettepaa be om aarsaking: »Aa, alt er tillatt i kri«, svara Emmet turt.

Tvo dage etter han va fengsla, skreiv han eit brev te jenta si, aa ga fangevoktaren mange penge for aa bere det fram. Men istaenfor aa gaa til jenta med breve, bar han det til statsadvokaten. Dette fek Emmet vite; aa denne svikfera harma han meir enn alt anna. Han va ræd jenta va den som kom til aa svie for det, skulde breve aa dermed henna namn kome fram for retten. Han skreiv til domarane aa ba dei om aa skaane ho. Han bau seg til aa gaa ved alt for retten aa ikkje seie eit or til sit forsvar, berre ho slap aa kome ut for folkesnak. Men det hjelpte inkje.