Side:Martyra.djvu/58

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

for det store aa goe dei vilde gjere, aa ikkje for nytten av det dei hev gjort. Me held av dei aa beundra dei fordi dei hadde eld nok i seg for si sak til aa kunne gløyme si eia velferd.

————————

Denis Papin er fød 1647 i Frankrike. Han studera fyrst lækjekunsten, men slo snart in paa andre ting. Han hadde si største lyst til mekanik.

I 1676 kom han til London aa vart der kjend med Robert Boyle (ein vigiten vitenskapsmann), som let han faa raaerom over laboratorie sit. Her fann han op trygde-ventilen[1]) som hev spara so mange menneskjeliv.

Han kunne ha havt det got i London. Men han ga seg ikkje iro der. Han reiste til Venedig, va der i tvo aar; men so slap pungen op, aa han laut attende til London igjen.

Her fann han daa op ei maskin til aa drive baata med. Til drivkraft bruka han luft. Han pumpa luft or lange jarnrøyrer aa tepte for den aapne enden med ein stempel. Naar han daa løyste paa denne stempelen, dreiv lufta stempelen injenom den lufttome røyra, aa derved fek han fram den krafta som dreiv maskina. Men daa han skulde prøve maskina si, gjore ho arbeie so daarlegt, at

han vart motlaus aa ga seg paa vidda.

  1. Eit lite lok eller som ein tapp paa dampkjelen som lettar seg naar dampen (gova) trykkjer for hart paa, so der strøymer damp ut. Var ikkje dette, vilde kjelane sprengas naar damptrykke vart for sterkt.