Side:Martyra.djvu/50

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
Blaine Pascal.

Der er folk som so aa seie vert martyra for si eia aand. Dei jagas som av ville dyr jenom tankeheimen. Kvart nyt sanningsglimt som lyner forbi sjæleauga, hissa heilen til meir aa meir arbei, som daa avla nye glimt aa hissa heilen endaa meir. — Kvar uret dei ser, kvart smertesuk dei høyrer, kvar rangtenkt tanke dei møter paa sin veg, — det riv i dei slitne nervane som eld-tang i brandsaar.

Det er vist ingen som kan lie meir enn desse.

For naar tankeelden vert so sterk, at lekame ikkje lenger magta aa skaffe nok brensel, so tek han paa tære paa sjølve nervane, aa menneskja kjem ut av jamvegt. Det sunne vite misser si magt, aa mannen vert fomlande millom sine øgjelege tanka som skomdotten paa ville have. Istaenfor glee over sit arbei, fylles han med angst aa otte aa misser alt fotfeste. For tanken er der i grunnen ikkje fotfeste, ingen fast grunn. Det er onnorleis med kjensla; ho gjer seg grunna der ho treng dei. Men for tanken er alt svevande millom endelause djuv. Der er kje det kryp til so hjelpelaust som den skarpe, eldfulle,