Side:Martyra.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

liggjande i dyngja uta aa gaa i rot, hadde forsteina aa paa den maaten laga desse formene med dyreskap aa fiskeskap. Vitenskapen hev seinare funne, at Pallissy hadde ret aa dei lærde uret. Dei lærde trudde nemleg, at desse fosilierne va naturens spel, som ikkje hadde meir grunn for seg enn dei rosene du ser skape seg til paa glasruta, naar det frys.

Den fatige pottemakaren som ikkje kunne korkje latin eller græsk sanka fleire aa fleire lærde menn om seg. Alle sine fund, krystala aa forsteininga, som han hadde samla paa, ordna han paa vitenskapleg maate, i ra aa rekkje, i bur med namn aa paaskrift neunder, so einkvar sjøl kunne lese seg kjenskapen til. I 1575 tok han paa halde fyrelesinga. Fleire aa fleire kom for aa høyre aa sjaa. Aa med dei prov han sjøl helt i handa, kjende han seg so sterk aa uryggjeleg i sine meininga, at han kunne trosse baade dei ovundsjuke sin spott, dei uvitande sit raseri, aa dei lærde sin beiske kritik. Med handa peikande paa si rike samling kunne han rope til den lærde: »Gaa no aa hent dei latinske professorane dine, aa la dei kome med motprov!« 

Pallissy skreiv fleire bøker. Han bruka for det meste samtaleform. Den eine personen heiter Teoretikus, den andre Praktikus. Teoretikus skal halde fram dei gamle synsmaatane; han er pædagog, uviting, tek aldri mot fornuft, aa gje dumme svar. Praktikus er hans eigen talsmann, riv sund dei gamle skolastiske lærdomane aa held fram dei nye med eldfull kraft aa skarp logik. Her ei prøve: