Side:Martyra.djvu/17

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
Guttenberg


Haltrie hundra aar etter Bacons ti kom der ein heil flok gilde menn som tok arbeie op etter han. Men før me nemner desse lyt me høyre litt om han som meir enn alle hine hev hjelpt kulturen fram, — ikkje med sin store lærdom, men med si store opfinning.

Mannen er Guttenberg. Det han fann op va boktrykkarkunsten. Boktrykkarkunsten vart brua som hev bore vite aa kunskapen fraa dei lærde aa ut i det store folkehav.

»Av alt det goe me hev i det 19de hundraaare, er det ingen ting me burde vere so taksame for som denne lette tilgang til bøker«, skriv Johan Lubbock i Contemporary Review. — »Bøkene er læremeistra som lærer os uta ris, uta vonde or, aa mest uta betaling; spør du, so løyner dei ingen ting; mistyer du dei, so murra dei aldri; om du er dum, so lær dei kje aat deg«, skreiv bispen av Durham for tvo hundra aar sia. — »Den som elska bøker, vil ikkje sakne ein trufast ven, ein go raadgjevar, ein rik trøystar«, seier Isak Barrow. — »Bøker er