Side:Martyra.djvu/110

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Det er nok slik med martyrbloe. Det er den dogg som mannelive treng for aa trivas, for aa ikkje turke burt aa gaa i rot. Martyren er som dropen som regner paa dei turre straa.

»I er verdens salt«.

Ein plante treng dogg. Martyrbloe er ideane si dogg.

Av martyrbloe syg menneskjeaanden si finaste næring. Det er den saft som fyller sjælene med idealitet, — som lyfter dei op or det kav der menneskjekjenslene maa drukne, — som gjev reisingskraft naar samfunda er so inrotne at dei maa stupe.

Solenge ætta ikkje kan gaa beint, men sveiva som pendelen millom utkanta med avgrunna under seg, treng ho sine martyra. Naar samfunda kjem paa ras, so maa det hart til for aa stanse drifta mot sluke. Blo maa flyte før folk vakna aa endra kos.

La os altso ikkje vente utvikling burt fraa dette. Det vilde vere aa vente utvikling burt fraa live.

Alti uret. Alti er der krefter som jaga etter magt, aa som under alle system naar magt, aa legg dei veike under seg. Herfolk, hovdinga, presta, konga, adelsmenn o. s. v. — det er altsaman namn paa slike som hev naat fram til lovfest herskarmagt.

Alti martyrium. Det regnde ifjor. Men ikkje nok. Kvart aar maa det regne. Kvart aar falle dogg. For kvart aar skal live vinne paa dauen.

Alti stri. Some strir for aa faa tyranisere. Andre strir aa ofra seg for aa knekkje tyranane. —