Side:Martyra.djvu/103

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Kristendomen hev vore varevotten aat alle ljosrædde, alle som hev hata retferd, omvelting aa framgang. Dei brukte kristendomen mot sjølve Kristus. — Kristus hev spotta gud, sa dei skriftkloke. Korsfest, korsfest! ropte folke.

Der burt i Bergen va mange som ikkje tolde Fasting sin sylkvasse pen. Men daa dei laag under i strien, laut kristendomen fram som kastekjep. Aa daa greidde dei seg.

Fasting va nemleg for eldfull aa sanningskjær til aa stenge inne sine meininga om teologiske ting. Han va sjøl teolog; ein av dei lærdaste. Han viste kva humbug det va alt dette prestesnakke. Han viste kor langt teologien paa sin fortolkningsveg va komen baade fraa sanning aa ret, aa fraa det som va grunndrage i den sanne kristendom. Kristendomen slik som Jesus hadde lært, va liv, ikkje daue former. Aa kristenlive skulde syne seg i gjerning, ikkje i læresetninga aa bekjenninga. Det som Jesus kravde, va det same som Sokratis aa Platon aa mange andre store menn fyre hans ti hadde kravt. Han kravde fordragelegt samliv, kjærleik istaenfor hat, tilgiving istaenfor døming o. s. b. Aa det va dette same krave Fasting no saag reisas paa nyt lag ute i Europa, — berre under andre former.

Men naar han saag paa live ikring seg, paa kyrkja, paa staten, paa domstolane, paa retsstelle, so fann han lite av Kristi lære der. Det bar alt-