Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/44

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

imellomåt og sat som dei såg både gjennom bøkene og veggen og ut i andre land.

Neste morgonen var dei tidleg oppe og tok til å lesa att, og då hefte det alltid noko likare i minnet. Dei kunne sistpå dei siste leksene så nokolunde. Men det var enno ei skral trøyst; for alt det andre hadde dei snautt fått tid til å sjå på. Han Pål kom på gråten endå ein gong fram på morgonen, og slo på at han hadde fått det så ilt i halsen, så han ingen stad kunne gå. Men då sa far hans berre til han Tormod, at det var nok best han gjekk ut og karta av litt bjørke-ris; — då var det tryggast å besna att noko snøgt. Ho bestemor kom og lest vilja trøysta han og Kolbein, då ho såg kor redde dei var; men dei høyrde snautt kva ho sa. Det var lett nok å prata for henne, jåla, som ikkje hadde lekser. Så laut dei vaska og kjemma seg og ta på seg kyrkjekleda, og ein av dei vaksne fylgde dei eit heilt stykke nedetter.

Skuleborna frå heile krinsen var alt samla utfor skulehusdøra, då dei kom der. Dei var bleike og skjelvne mange av dei òg. Berre nokre av dei største stod som ingen ting var og lo endåtil. Ja, så støe kunne dei vera i leksene.

Presten var alt komen og sat inni skulestova. Så kom skulemeisteren ut og ropa dei inn; han var kyrkjekledd og hadde fint kjemt hår han òg i dag. Dei fire gutane heldt seg etter alle dei andre og sette seg på nedste benken, og det var berre så vidt dei våga å glytta opp på presten. Han stod