Side:Læsebog i det norske folkesprog.djvu/21

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Ivar Aasen. 15 ikkje hugen. — Den som vil med ulvom bu, han maa med ulvom tjota. — Betre ulærd end illa lærd. — For ung er eit godt lyte; det veks av med aarom. — D'er vondt van gjort, d'er verre ovgjort. — Vanhugen legg stein paa lasset. — Hugheilt vaagat er halvt vunnet. — Naar ein vesali fær vald, so veit han ikkje atterhald. — D'er leidt aa vilja og ikkje vinna. — Naar viljen er god, er verket lett. — Det er' alt viner, som vil oss vel. — Beste vinerne ymist røynast. — Han vinn, som tråa er, og taper, som braad er. — Det er den visaste, som vægjer. — Det legst alltid visa til fyre den, som kveda vil. — Yngdi er alltid væn, og helst naar vit fylgjer med. — Det veit ingen si æva, fyrr ho er oil. Nordmannen.


 
Millom bakkar og berg ut med havet
heve Nordmannen fenget sin heim,
der han sjølv heve tufterna gravet
og sett sjølv sine hus uppaa deim.
 
Han saag ut paa dei steinutte strender;
der var ingen, som der hadde bygt.
»Lat oss rydja og byggja oss grender,
og so eiga me rudningen trygt«.

Han saag ut paa det baarutte havet;
der var ruskutt aa leggja utpaa;
men der leikade fisk nedi kavet,
og den leiken den vilde han sjaa.

Fram paa vetteren stundom han tenkte:
giv eg var i eit varmare land.
Men naar vaarsol i bakkarne blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.