Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/77

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 65 –

’taa Offeserom ha Heste døm rei’ paa og baade Sinklar og Fruga va te-hest. Dette va Onsda’n den 26de August. Døm i Høgkringom bar te aa bli o-tolne[1] og tykte de drygdes lengje førr Skottann’ kom, difor senda døm han Oudun Skjenna nord-te for aa spæje. Han tok ein Hest og rei saa langt, som aat Skjenna, Gard’n hans, og da saag han Skott-Her’n ut-paa Vollom: Sinklar ha sta’na og heldt paa aa saag ivi Mannskape og skjepa te, kaarles døm skulde faaraa no, de barst uppi Li’inn og Bratta att. Døm ha Otte paa se og ha høyrt ein Tymt um, at de ha samla se Folk ut-i Dale. Han Oudun Skjenna ser paa døm te Skottann er komne saa nere inn-paa han, at summe vart var ’om, da han rei’ att-ende. „Se den Buren[2], se den Buren! han trækker paa en Pert[3]!“ sa døm.

Sinklar bytte Mannskape i tvo Hope og let ei Firi-Tropp paa umkring 100 Mann faaraa onda; døm ha me se han Per Klo’nes te Førar og rekte fort. Rette Hugu-Flokken foor berre tøygt og kom eit langt Stykkjy ette; døm ha Musikken me se og gjekk ette honom, Sinklar og Fruga rei’ jemnsi’s i Fram-Enda.

No bar de te aa gjelde for døm, som laag uppi Høgkringom og alle venta paa Varsle fraa Storøy’n og Selsjordskampe. Summe ha tikji paa se eit visst Verk aa gjera: han Berdon Segelsta skulde skjote Sinklar og ha toggje ihop Sylv-Halsknappen sin te Kule, da han ottast for, at de ikje beit Bly paa om. Og han Kjel Fjordongrein fraa Heidale ha laavaa Jentun sine, ho Guri Kruke, at han skulde frelse de vetle Baane aat Sinklar-Frugun. Nogre va sett te aa løyse Lunnann. Alle laag te-rei’e – døm ha allt seett Fire-Troppe ha fare upp Li’e. Da fær døm sjaa Mann ut-paa Storøy’n ber te røyve paa se og sige smaatt sø-ette – og me di saamaa høyre døm ein gomol Halling fraa Stute henna Pillar-Guri uppaa Selsjordskampe. Saa høyre døm Skottann bles ein bøsin Kri’s-Mars ne-i Stigje, de ber te aa smelle ut-paa Storøy’n og – saa tverr-svinga Mann der-utpaa Hesten sin og mea døm enno høyre Kri’s-Marsen løyse døm Lunnann og Veltunn!

De va ei fæl Avreidsle denna Skri’o gjorde paa Skottom!

  1. o-tolne, o-tolin: heldt paa misste Taalmo’e, tykte de vart langt aa vente.
  2. Bur: Bonde.
  3. Pert: Hest.