va de ikje meir, hell han sløngde se paa Hestryggen me Skaarvangs-Sol’n, tok beinaste Lei’e han fann, aust ette Fjelle innpaa Veoflye; Vaapn-Svein hans fylgde ’om, men de andre Mannskape hans naadde han Iva Gjæsling att-i ve Fugelsætre og hoggde de ne te siste Mann. Mea de sto paa, fekk han Sigvat ein liten Onda-Mon og den trongde han væl, for han Iva va ikje langt ette. Valders-Ridder’n rei, de Hesten orka, for no galdt de Live; ette Kante paa Veofly’n slepte han se ne mot Sjodale, for einaste Utvegen, han no visste, va, um han kunde naa ne-me Sjo’n aat eit Sprang i Elv-Fare, ut-onde Sjolikampe og som han va kjend paa. Men Hesten hans heldt paa aa sprengdest og atta’for ’om seig han Iva nerigar og nerigar inn-paa han. De va saavidt han rokk fram eit Stein-Kast firi om Iva. Her va ’kje Ti’ te æve se um, difor tok han Skaarvangs-Sole onde Haande og skout se over, Vaapn-Svein hans skout se ette me di saamaa, men da venda han Sigvat se og ytte han attaabak ne-i kvite Fossen! De va full for aa syne ’om Iva, kaarles han tenkte se te aa gjera me den, som vaagaa se te aa gjera Sprange ette ’om. De va ingen, som tordes vaage se, korkje han Iva Gjæsling sjøl, hell nugun ’taa Mennom hans. Sprange kan ikje vera saa langt, at de er vørdande for ein frisk Kar, men Lennde er naagaa oskaple og er fælt kalltokka aa sjaa paa, me di Sjoe fossa og dondra djupt ne-i di tronge Klovun. Og der-te sto Kvie-Ridder’n paa hi Sia me nakje Sverd og va ferdog te aa sende kem, som kom, beint ne-i ville Gape. Paa denne Gjerde berga han Sigvat se, han Iva Gjæsling og Mannskape hans snudde og tok paa Heimferde og Valders-Ridder’n tok te-fjells me Skaarvangs-Sol’n. Um Mannskape hans ha sett Live te, kaar ein Kart, saa kunde han likevæl kaamaa høg heim-i Bygde att: Sambu ha han brennt og Skaarvangs-Sole kom han me paa Sal-Knappe.
For denne Ranar-Ferde si lout Kvie-Ridder’n gjeva ’om Iva Gjæsling Brev paa Nere Helmdal’n te full Eige og Odel for honom og hans Ette-Menn, me Vatn, Hamn og Fjell, Allt, som Heimdal kallas, og Allt, som te Heimdals halla. Men den Trøngja i Sjo’n som Kvie-Ridder’n sprang over me Skaarvangs-Sol’n onde Haann, ha sia heitt Ridder-Sprange og ber de saamaa Namne den Dag idag. – Sjaa um Gjæslingen og Sambu lenger ut-i Boken.