Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/416

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 404 –

han inne paa Olsta og kvilte. „Eg høyre du er den nye Skrivar’n vor,“ sa Olsta-Kjeringje, „og Gu’ gje du maatte bli ein rettferdog Dommar over oss!“ „Jo, jeg skal faa Rævene ud af sine Huler, jeg, Mor!“ svaaraa Skrivar’n. „Gu’ lat du ikje krek inn-i att sjøl, da!“ sa ho.

Sterk-Einangjin.

I di Ti’om Gjyll-Løva ofte foor igjønom Dal’n, budde de ein paa Einangje som va namnspord for Magte si. Han heitte Eirik Ommonsson og va fødd 1645; i Einangje va han ikje eigande for naagaa, men ha berre eitt Stykkjy paa Leige hjaa Eigare, ’om Jens Einangje. Eingong Gjyll-Løva va ute og foor og kom aat Bræe, va han i Følgje me ein Gjeneral som va saa ve’onderle stor og før, at alle kalla’n for Stor-Gjeneral’n, og saa sterk va han attaat, at de va ’kje Gjerd paa di.

No ha Gjyll-Løva høyrt gjete ’om Eirik Einangje førr, og da han kom aat Bræe gjorde han Baa paa’n, at han skulde kaamaa paa Garden i go’ Ti’ um Maargaan. Hann saa gjorde, maa’ta, og da han raakaa Gjyll-Løva va de de han vilde ’om, at han skulde draagaa eit Krok-Drag ve Stor-Gjeneral’n. Ja, han fekk fulla prøve, gat han paa, men da va de leitt, att han ikje ha smaakaa Mat inn-um Tenn enda um Maargaan, han ottast for, at han dugde ikje i Krokje me tom Matsekk. De skulde no hann gjera aat for, meinte Gjyll-Løva og ha Bræe-Kjeringje te aa rei’e upp ein Maargaaverd aat ’om Eirik ’taa saamaa Mate, han sjøl og Følgje hans ha ete ’taa, og me Øl og Vin attaat, saa Einangjin nok alder ha ete saa godt i heile sitt Liv. Da han Eirik ha faatt Metta si, sa Gjyll-Løva, at no kunde han seja saa stort eit Ord, at han ha ete ’taa saamaa Rettom, som kom paa Kongens eigje Bord, og saa fekk de berast te me Krok-Dragingen.

Han Eirik va ferdog trast, men Stor-Gjeneral’n vilde draagaa Krok um Pening og rekna upp 10 Riksdale utu Pongje og lagde paa Borde; ja detta saag ikje væl ut, for han Eirik aatte ikje Kongens Mynt. Men Gjyll-Løva, maa’ta, visste Raa’ for di au, han fann upp 10 Riksdale og gav ’om Eirik te Sett. Me