Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/401

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 389 –

Heringsta i Aarom millom 1566 og 1580; kaar denne Mann er utstokkjin, er de Oraa’ aa faa Grei’e paa. I eit gomolt Brev fraa 1536 er de nemnt ein Knut Bagge som han Nils Lykke sette te Fout ivi Jord-Eigom sine, men um de er den saamaa, er mykjy ovisst. I 1558 og 1561 ha han vore me og kravt inn Konge-Tiende i Fron og ette di kan de hende, han ha vore busitjandes ei Ti’ der i Bygden. Paa Fron aatte han ein ’taa Brandvols-Gardom; me di Garde gjorde Enkja hans i 1586 Byte me Konga og fekk att Fjordongrein i Heidale. I 1570 er han Knut gjift me henne Marit Tostinsdotter, Enkje ette ein ’taa Brattom paa Bjølsta. Da budde døm paa Heringsta og for Stygbonom sine ha han Knut gjort Krav paa Aasæte paa Bjølsta. Etter han Knut dø, ha Enkja gjifta se att treja Gongen me ein heitte Abraham Stub, kanhende ein Son aat Lagmanne i Oslo, han Nils Stub, men de finnst ikje naagaa som peika dit, at ho Marit ha havt Bon me di tvo siste Mennom sine (sjaa S. 11 um Jenta fraa Heringsta og S. 316 um Bratt-Ækte). Um ho Marit Tostinsdotter kan ein hell-ikje finne naagaa meire. De kan gjetast paa, at ho va Dotter hans „Magister Tosten“ som baade Schjøning og Hjorthøy fortel, va den fyste Presten paa Vaagaa ette Reformasione. Um saa skulde vera, ha ho ei Syster heitte Aase hell Aaste Tostinsdotter som va gjift me ’om Kristofer Eriksen (Glad), Prest paa Vaagaa millom 1598 og 1619. Ho Aaste ha Jord-Eigo paa Ha’lann; ho er dø 1630 og den store Likstein henna staar enno paa Vaagaa-Kjørkjegarde.

I 1610 heitte Mann paa Heringsta Gottorm og maa vera Son hans Per Bratt og henne Marit Tostinsdotter, han er nok att-kalla ette om Gottorm Endresson Bratt som vart saa gomol. Ette Lagtingsboken for Upplandom i 1612 ha han Gottorm Heringsta vore me aa kjæra paa Retten sin aat ein Laat i Tall’raas paa Dovre, og den Retten byggje han paa eit Jord-Byte millom ’om Eistin Bratt og ’om Henning Munk i 1530. Attaat di syne de se i Lensreiknskapom ette 1612, at han Gottorm aatte Jord i Andgard paa Dovre og den Jorde ha han Eistin Bratt bytt aat se ’taa Haamaar-Bispe i 1550. Ette desse kan de ikje vera nugun Tvil um, at han Gottorm Heringsta va ’taa Brattom. Heringsta va enno Krongods og han sat for Leiglenning paa