Kristen va like go’e Venner og Lage vaaraa me Drykk og Dans langt ut-igjønom Natte. Men um Maargaan gjorde Grønner Baa paa Toulsta’n at han vilde faa taalaa ve han. Og da de lei paa Dagen kom han leiande me ein gulblakk Faalaa[1] han ga Grønner, og som skulde vera verd 40 Riksdale. Me di va allt godt og væl att imillom døm.
Alle Bjønnsta’ann ha havt stor Hog paa Fisking og saales va de me ’om Kristen ou, han laag stødt ve Flatningen kaar Houst. Eingong ha han me se ein halvgomol, einra’e Kar, heitte Næpreitin, og ein Maargaa døm rodde sø’-over Flatningen, kom de stygg Vinn paa døm. Næpreitin sat i Aarom og han Kristen saag, at han va hjertele redd. Dime la han Kristen se ne-i Baaten og skapte se saa redd, at han skreik uppi Høgt og Næpreitin trudde, de heldt paa vart Endin deres. Han sta’na me Aarom og tok te stouke paa ei Salme: „o salige, evige Naade, nu er det paa Tide at tænke sig om – –!“ – „Nei, men saa Guds forbanne deg, Næpreite, berre driv paa og ro!“ sa han Kristen og sette se upp att.
De er han Kristen, som ha sett upp di tvæ store, tvihøge Stugunn paa Bjønnsta, den nørdre har di „tri Sjougann“[2] – 1777 – og den søre er 10 Aar yngre. I baae er de framifraa te store Timber. Han Kristen ha 6 Bon og ’taa døm va de 14 Gute, store, sterke Kare alle, men den eldste, han Paal, og den yngste, han Iva, va di føraste. Far deres kalla desse Gutann for „Vetl-Gutann all sin Dag og de tykte Folk høvde saa halt i Falle[3]. Eingong kom desse „Vetl-Gutann“ burti Sjolie, tile um Vaar’n og raakaa han Anders Slave der, saales som de førr er fortalt (sjaa S. 253). Um Vinter’n ette kom han Anders aat Bjønnsta ein Dag, han gjekk og selde ’taa Arbei’e sine. Da han gjekk att sa han Kristen: „Kom ver me meg paa Stabure no, Anders, ska eg gjeva deg ein Hal’mæle Kønn for de, du ikje gjorde Vetl-Gutom mine naagaa burti Sjoli’n ivaar.“ Jou de skulde vore Føre for ’om Anders aa gjort di „Vetl-Gutom“ naagaa! Men slike va dessa Bjønnsta’ann.