Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/382

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 370 –

han Gamel-Kristen um han. Gardsdrifte la han Paal se lite ut um, de han ha mest Liv for va Fisking. I 1736 bygsla han Sjugurdsjø’n og Sjohølann og sia’ ha døm liggji onde Ner-Bjønnsta; Nouster og Fiskebue sette han upp alle Sta’ann han naadde te aa fiske, ve Flatningen, Sjohølom, Sjugurdsjø’n og ve øvre Sjaadal’n. Og paa øvre Dørastokkje skar han stødt Namne sitt P. A. og Aarstale; den Ti’e skreiv alle ein S for „Son“ i Namne sine og da han Paal alder gjorde de, kalla Folk han „Paal-Anders“ for Moro Skull. Ein Houst, han vilde upp-aat Hølom og fiske, møtte han Bølingje sine i Steine-Lykkjun, døm va paa Heimferd fraa Sjoli’n. Men da kjennde ikje han Paal sin eigje Bøling, men sporde nugun, han raakaa ne-i Rinnhøl-Grenn, kem som aatte den store Bølingen. Men de va Lykka hans, at han ha ei Kjering, som styrde baade paa si Si’e og hans; ho heitte Anne Paalsdotter og va eitt ’taa di tolv Bonom aat Dragon-Lutnane paa Toulsta. Ho va ei gjild Kjering som styrde heile Gardsstelle og fram-te gjekk de me døm. Sjøl va han Paal eit fre’ele Grends-Menneskje og eit stort Go-Menne. Han ha ein Son heitte Kristen, ette ’om Gamel-Kristen, og fire Døtt’; han dø i 1770 da de vanta ’om tvoug Aar førr han fyllte fjorde Tjuge.

Han Kristen Paalsson vart Brukar og Eigar ’taa Bjønnsta i 1753 og da va de allt 4 Aar sia’ han gjifta se me henne Mari Olsdotter Uppigard Sør-Sambu. Me henne Mari kom de ’taa Gjæsling-Ækten paa Gard’n. I Storleik og Styrkje va han Kristen den saamaa som Far’n, men han ha be’re Hugu hell hann og ette som de ha vore sagt, va han ein stor Sløging som ha go Hog te aa gjera Ap og Gaamaa naar de høvde se. Baade han og Sys’kjinbaane hans, Mann paa Toulsta, han Hans Paalsson, va ikje frie for, at døm ha Hog paa de Sterke og døm gjorde jemnan ei og a’an go Drykkje-Kule. Toulsta’n va Le’smann og godt go-te se, men paa summe Vis va han hell einfoldog og go-trugje og kaar Gong, dessa tvo kom ihop, sette han Kristen paa aapaast ve Toulsta’n te han fekk han sinnt. Eingong dreiv døm og hyggdest um, kaar Arbei’sfolke ha beste Kosten, paa Toulsta hell Ner-Bjønnsta. Toulsta’n vart tykkjin saa han gjekk og me di saamaa sa han Kristen: „naar Arbei’sfolke mitt gaar inn te Maargaa-Verds paa Smør og Kaku, saa sit Karann