Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/360

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 348 –

aat ein ’taa Syniom aat Kaftine. Kaarles dette Agge millom di Tvo er kome se, er ikje godt aa veta, kan godt vera at de kom se fraa Trondems-Ferden i 1658, den Gongen han Hans fekk Namn for „Bondekaptein“. De er ikje nettup kunnogt, at han Tostin Kleppe va me paa Ferd’n, men de er mest ikje aa tvile um, at han gjorde Føl’je me Grends-Manne sine ’om Knut Holbo. De kan ou vera, at de va Kjeringje aat Kaftine, han Tostin tykte de va Mon i aa argast ve; ho gjekk for aa vera hardt um se og va ikje væl-lika i Bygden, difor la døm paa ho Uppnamne „Heggjerote“, ette di ho va kome fraa Heggje i Gousdal. Saa va de nok hell-ikje nettup ’taa Illo, han Tostin Kleppe foor og aapaast me Toulsta-Folkje; de ha fyl’t mange i di Ækten, at døm ha havt Moro ’taa aa ertast ve summe, døm ha tykt, de høvde aat.

De va ei stor Ære aa vera „Bondelensmand“ i di Daag’om, men nogor stor Innkomme va de ikje, de va 3 Settonge[1] Kønn i Le’smanns-Toll ’taa ein full Gard[2], 2 ’taa ein halv og 1 ’taa ein Øygard, um Lag 15 Tynno Kønn ’taa heile Bygden. Og saa va døm fritikji for di gamle Utrei’slom som kallast Foring, Visøre og Leding[3], de va heile Løne og de ovisse som fallt den Ti’e, va jemngodt me Inkje. Da, som no, va Le’smann den neraste te aa sjaa te me Ostyr og Lovbrot i Bygden, men de henda meir hell ein Gong, at Le’smennann sjølve va fram-i baade eitt og hitt, som Lov og Rett snerta døm for. Og be’re gjekk de ikje ’om Tostin, hell. De va ein Gardmann uppi Sjaardale den T’ie, som heitte Ellan Nese; han gjorde oftast ei Ferd um Houstann aat Akershus me di „Attalerihestom“, som vart innkjøpte uppi Norddale. Me desse tente han Pening saa han sat ein liten Pukje i Nese; men han drakk og naar han vart drukkje va han rengjot og lei, stor i Ordom og gjild Kar ’taa di, han saa jemnt va i By’n. Saa va de Eingong i ein Tekkje-Dona[4] paa Oustrem, han Ellan og Le’smann paa Kleppe ha vorte Ovini; Endlykte me døm vart den, at han Ellan Nese fekk eit godt Drag ’taa ein Rulla-Kavle[5]

  1. Settong ette gomolt Maal: væl 7 Liter.
  2. Full Gard: Gard paa minnst 5 Hu’e i Skjyld.
  3. Foring, Visøre og Leding: gamle Jord-Skatte
  4. Tekkje-Dona: naar døm la Tak paa eit nytt Hus i gamle Daagaa gjorde døm ofte Dona (Duna, Dugna), Tekkje-Dona.
  5. Rulla-Kavle: „Manglestok“.