og de skulde ikje mykjy te, førr han va i ville Ve’re. Berre ein kom te aa sjaa langt paa han, va de nokk: „Kaa Dj. er de du gleine ette? – Er de meg, du stire paa?!“ I beste Ongkars-Daag’om sine gjorde han ei Friar-Ferd aat Groupe i Kvikne; de va ei Jente der paa Garde, som va helde for eit godt Gjifte og detta ha han Paal tikji te aa tenkt paa. Ette gomol Skjikk og Vis kom han Paal aat Groupe paa Natters-Ti’, og i Myrkne saag ikje Jenta, kaarles han saag ut, men da ho høyrde han va fraa Kleppe, ha ho nok ikje nettup vann-vørrdt han. Um Maargaan førr han reiste att, vart han be’in inn og skulde ha lite Go-Gjering, men da gjekk de gale: „da Jenta fekk sjaa meg, Jaggu grreet ho!“ fortalde han Paal. Paa sine gamle Daagaa kom han Paal paa Legd og Folk foor væl me ’om i Gardom, men den gamle Sinna-Piggen ha yrkt Arbei’ me aa halde fraa se Gutonge og Ongløypinge, som stødt lout ertast ve han, kaar han foor, og saa me aa tiggje se Tobak, for den va han grov paa. Naar han raakaa ei framond Menneskje, brukte han aa seja: „Let eg faa kjenne Tobaken din, saa ska du faa kjenne min“, de va mykjy brukele i di Ti’om og bjo ein-a’an ei Buss hell ein Snus paa denne Visen. Han Paal fekk se da jemnan ei Buss, men saa spytta han og grein: „Tvi!“ sa han, „de er den saamaa Djevel’n du har, du, som eg, kjenne eg!“ og saa tykte han de va ikje Bry’e verdt aa kaamaa upp me sine Tobak.
Da han Paal dø i ein ’taa Lalms-Gardom umkring 1828, gjorde Grende eit Gravøl ette ’om, som va umtaalaa i lange Ti’e ette. De va ikje naagaa Sørgje-Lag, ette som de lyddest, for Gamlin va ei slik Bygda-Plaage, di siste Aare han livde, at de va ein Lette for Grenn, at han fall av. Da Like va jorda, samla Følgje se i Klukkar-Garde og kaar Mann ha me ein Pott Brennvin og ein stor Houg me Vaffel-Kaku[1] og da Nista vart framlagd, va de ein Dongje saa stor, ein ’taa døm, som va me, 25 Aar bak-ette va viss paa, at de „va Vafflo i Klukkar-Garde den Dag idag“. Heimferde fraa Kjørkjun va mest som eit Eventy all Vegen, for den Brennvins-Potten gjorde nok Rett or se.
- ↑ Vaffel-Kaku: Vafflo.