Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/355

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 343 –

at han øy’lagde Tre-Merre, som sto ein Sta’n ve Vaagaa-Kjørkja. Han Tjøstol ha drukkje se full og vore ett’latog i Tenest’n og te Straff skulde han ri’e Tre-Merre; de va einn Sylater ou, som skulde upp aa ri’e ho saamaa Gongen. Da døm skulde setjast upp, sa han Tjøstol: „Den, me største Naasaa ska sitja fremst!“ og saa fekk han fremste Rumme, men døm gløymde aa løyse ’taa ’om Sabel’n. Da døm vart var di, ha døm vilja tikji han fraa ’om, men han spaadde um, at den Bona’n han va komin uppa i, den ha han ou Rett te aa haa. Og saa drog han ut Sabel’n og bar te tølje paa Tre-Merre. Fyst hogde han ’taa henne di lange Øyrunn og ferda ho styggt i Hugue, sia’ jemna han den kvasse Eggen ette Ryggje, som døm lout sitja paa. No va de ikje stor Straff og sitja paa Ryggje henna lenger og Merre ho vart no fælt ille-raa’in aa sjaa paa ’taa dessa: „Ho ska, Dj. besetja meg, ikje bli saa skjerr[1] her-ette, som ho ha vore førr!“ sa han Tjøstol. Og ho foor ou saa ille, at ho vart gjort Ende paa og nogor ny kom ikje att-i Sta’n.

Han ool ei svart Merr, han Tjøstol, som va saa frisk, at ho va namnspord her i Bygden. Eingong ha han den Merre i eit Gjestbo paa Tofte paa Dovre, da eldste Son paa Nordigard Kleppe gjifta se me ei ’taa Døtt’om paa Tofte i 1771. Um Maargaan førr døm skulde te Kjørkje, ha han Tjøstol allt vorte go og drukkjin og da di andre laagaa se paa Kjørkje-Ferde, laag han Tjøstol forr-fallin[2] i ei Staburs-Sval, men Merre hans sto paa-sa’la fram-me ’om og Beksle ha han hengt inn-paa Avle’n og stongje Haande ne-i Brok-Lumma. Nogre ’taa Døvrom freista aa taakaa Merre fraa ’om, for de ha vore grovt te Skam for ’om, maa’ta, um han ikje ha kome se me aat Kjørkjun, men døm fekk ikje løyst Beksle ’taa Haann hans. Han va nok elles ikje saa ne-gaadd, som han gjorde se te, for da di andre va væl paa Vegen komne, bar de upp att me ’om. Han tok att Gjestbo’s-Hopen paa ei litol Ri, rei’ umm alle Hine og kom ei saa lang Stonn firi døm aat Kjørkjun, at han snudde um og rei’ eit godt

  1. skjerr: ørsk, morsk.
  2. forr-fallin: ne’-gaatt, saa drukkjin han ikje heldt se paa Føtom.